- Skuffa over statsbudsjettet på vegner av kulturtidsskrifta
- Det er for svakt å ikkje gi meir til kulturtidsskrifta no, men fint at regjeringa ser at vi treng meir forskingspublisering på norsk, seier Nana Rise-Lynum, leiar i Norsk tidsskriftforening.
Regjeringa har ikkje sett av meir pengar til kulturtidsskrifta på statsbudsjettet for 2027.
- Dette er svært skuffande. Behova er store, både for etablerte og nye tidsskrift. Prisane på produksjon, porto og distribusjon aukar, det same gjer honorarsatsar og lønningar. Då må støtteordningane vere i tråd med dette, seier Nana Rise-Lynum, leiar i Norsk tidsskriftforening.
Må sikre dagens kvalitet
Ho håper at støttepartia kan vere med å løfte tidsskrifta opp i budsjettforhandlingane i haust, slik det har vore vilje til før, utan at ein har lukkast til no.
- Eg håper at politikarane kan sjå at også dei mindre og meir spesialiserte tidsskrifta trengst og må styrkast framover, på linje med andre medium. Andre mediestøtteordningar er blitt styrka med 40 millionar, men heller ikkje her ligg det inne noko til fagpresse eller spesialpublikasjonar, så vidt eg kan sjå. Forslaget om postombering berre ein gong i veka er heller ikkje godt nytt for papirpublikasjonar, slik jo mange tidsskrift er. Det er ekstra skuffande at det blir gitt millionbeløp til nye tiltak, men ikkje sikre betre dei gode publikasjonane som faktisk finst og er kraftig underfinansierte, som mange tidsskrift er. Ein ville fått meir igjen for pengane om ein styrkar dei som allereie leverer kvalitet og seriøsitet, og det gjer kulturtidsskrifta, seier Rise-Lynum.
3,5 mill. til vitskapleg publisering på norsk
For dei vitskaplege tidsskrifta kom det derimot ei god nyheit, der støtteordninga for opne norskspråklege vitskaplege tidsskrift har fått den auken som vi har venta på, den gjekk oppmed 3,5 mill. til 15,5 mill. kroner.
Slik står det i budsjettet: «Støtteordning for opne norskspråklege tidsskrift er frå og med utlysinga for perioden 2027–2030 utvida til å gjelde fagområda medisin og helse, realfag og teknologi, i tillegg til humaniora og samfunnsvitskap. Namnet til ordninga er av den grunn endra frå Støtteordning for opne norskspråklege tidsskrift innanfor humaniora og samfunnsvitskap til Støtteordning for opne norskspråklege tidsskrift. Utviding av ordninga følger opp Meld. St. 14 (2024–2025) Sikker kunnskap i en usikker verden og strategien Frå ord til handling frå 2023. Frå 2027 foreslår departementet å styrke ordninga med 3,5 mill. kroner til 15,5 mill. kroner årleg.»
- Dette er ein svært god start på noko som må trappast opp. Vitskapleg publisering på norsk er heilt avgjerande for å kunne ha norsk fagspråk og terminologi på alle felt og i alle fag, som elles no blir stadig meir overfløymde av engelsk. Her har Norsk tidsskriftforening vore pådrivar for både å utvide ordninga for type tidsskrift og for å auke søknadspotten. No kan fleire norskspråklege vitskaplege tidsskrift få støtte framover, og det er vi svært glade for, seier Rise-Lynum.