Skrivekurs 20. mai

Dramaturgi, språk og stil

Det er meir enn ein måte å få tekst til å flyte godt på, men det startar alltid med dette: Teksten må vere godt oppbygd og kjennest logisk. Med eit stort ord kallar vi dette dramaturgi.

Sted: Litteraturhuset i Oslo, Kverneland
Tid: onsdag 20.mai kl. 9.00 – 16.00
Pris: Gratis, inkl. enkel lunsj 

Påmelding her

Det er meir enn ein måte å få tekst til å flyte godt på, men det startar alltid med dette: Teksten må vere godt oppbygd og kjennest logisk. Med eit stort ord kallar vi dette dramaturgi. Første del av dette kurset skal dreie seg om det. Vi studerer korleis tekstar i ulike sjangrar er bygde opp, og ser på tekstar deltakarane har sendt inn til vurdering.

Del to dreier seg om det språklege og stilistiske. Korleis kan vi få teksten til å puste, kva reiskap har vi til disposisjon for å skape liv og variasjon? Vi skal gjennom ei rekkje hjelpemiddel, og sjå dei brukte i praksis. Til saman skal du sitje att med ei liste av tekstlege grep du kan bruke når sjansen byr seg.

  • Forteljemodellar
  • Spenningskurva
  • Å snikre saman elementa
  • Bruken av avsnitt og mellomtitlar, overgangar
  • Slik bruker du setningane og orda

Fagleg ansvarleg/lærar: Asgeir Olden.
Fram til 2021 var han i femten år på Institutt for Journalistikk, der han hadde ansvaret for dei fleste av skrivekursa på instituttet. Før den tid var han først journalist og sidan redaktør, først i Sunnmørsposten, så i Bergens Tidende, Dag og Tid og Nynorsk Pressekontor. Han har skrive ni bøker, og sat som representant for Presseforbundet i Språkrådet i 16 år.

Arr.: Norsk tidsskriftforening med støtte frå Fritt Ord og vederlagsmidler fra Kopinor.

Powered by Labrador CMS