Ny områdeplan for tidsskrift og kritikk i Kulturrådet

Kulturrådet har vedtatt ein ny og oppdatert områdeplan for tidsskrift og kritikk. Planen, som gjeld til og med 2028, skildrar stoda på feltet og inneheld prioriteringar og satsingsområde framover.

Den tar for seg tidsskrifta som demokratisk infrastruktur, utfordringar på feltet, Kulturrådets ansvar og rolle på feltet, hovudsatsingar i perioden 2025-2028, verkemiddel og tilskotsordningar, informasjon om fagutval og søknadsvurdering, og listar til slutt opp rapportar, utgreiingar og anna bakgrunnsinformasjon.

Planen baserer seg på Kulturrådets fire overordna satsingar: auka mangfald, auka likeverd for den samiske befolkninga og nasjonale minoritetar, eit ope og tilgjengeleg kunst- og kulturliv og eit kunst- og kulturfelt som møter klima- og naturkrisa.

Tidsskrift og kritikk-feltet har fått desse hovudsatsingane: Styrke redaksjonell berekraft og arbeidsvilkår, større geografisk breidd i kritikk og tidsskriftproduksjon, og å følgje opp satsinga på samisk kritikk.

Ein kan framleis søkje om både produksjonstilskot, støtte til prosjekt og til arrangement. Det er også lista opp ei rekke tverrgåande og tverrfaglege ordningar som aktørar i tidsskrift- og kritikkfeltet kan søke støtte frå.

Les meir her.

Powered by Labrador CMS