Tirsdag 17. mars 2026, kl. 19.00, Løa i Fjaler
Forteljerkveld med Jaja og Anna Kleiva
Velkomen til ein triveleg kveld i Løa, med diktlesing, feiring av ny utgåve av Tidsskriftet Jaja og samtalar.
PROGRAM
TIDSSKRIFTSLEPP
Vi markerer den nye digitale utgåva av Jaja "Makt, mål og mæle - munnleg forteljekunst før og no", med:
- Alle bør ein gong følgje ein geiteflokk i fjellet.
Siri Helle fortel. - Sinners og munnleg overlevering som svart atlantisk kultur.
Ved Dubie-Toa Kwapong. - Samtale: Den gode lydforteljinga
Lydforteljingar og lydbøker har blitt enormt populære. Kokosbananas-skapar Rolf Magne Golten Andersen og lydprodusent Viljar Losnegård har i ei årrekke arbeidd med lydproduksjonar for barn og vaksne, og er nominerte til Storytel Awards for sine forteljingar for barn. I denne samtalen spør vi Fjalers ukrona lydkongar om alt vi lurer på om den gode lydforteljinga og om det å skrive for lyd.
ANNA KLEIVA LES TRIKS
Triks er eit satirisk poesiverk, ein svart komedie og ein
samtids-scifi om klimaendringar, den erotiske krafta i pengar og den poetiske
undergangen.
Kleiva er ein av dei mest sentrale forfattarane i sin generasjon. Ho har gitt ut fire kritikarroste diktsamlingar og det nyskapande prosaverket Echo Mountain. Forteljingar frå L.A. (2018). Saman med Vilde Tuv laga ho det musikalsk-poetiske verket Solplomme (2024). Kleiva redigerte også antologien Tunga mi protesterer mot døden. Palestinske dikt (2024) saman med Bendik Vada. Ho har omsett bøker av Ariana Reines, Asta Olivia Nordenhof og Eve Babitz.
Arrangementet er støtta av Norsk tidsskriftforening og Fritt Ord.