15.00-15.45 Skrive eller fortelje - korleis få folk til å lese om kompliserte ting?

Publisert

Nyheitsmediene er mest opptatt av det dramatiske og akutte, som ikkje gir god forståing og innsikt. Historie, bakteppa, spelet rundt - vi treng å forstå meir, anten det gjeld krigen i Ukraina, klimakrisa eller energimarknaden. Det finst eit vakuum som tidsskrifta og andre plattformer kan fylle. Men korleis få folk til å lese om vanskelege og  krevjande tema, kva grep og metodar kan vi ta i bruk når vi skal skrive? Kva er forteljingas kraft? 

Bjørn Asle Nord, arbeider i NRK med digitale klima- og naturforteljingar, men var i mange år journalist i Bergens Tidende. Nord er kjend for både journalistiske forteljingar og undersøkande journalistikk av svært høg kvalitet. I 2014 gav han ut boka Gi meg heller livet. Ein dokumentar om soldatveteranar i Norge saman med fotograf Håvard Bjelland. Siste bok: Skredet: ein far, ei dotter og kampen for livet. Han står også bak den årlege konferansen Fortellingens kraft i Bergen.

Powered by Labrador CMS