Syn og Segn leitar etter nye sakprosastjerner

 – Draumen er å oppdage morgondagens store essayist og forfattar, seier redaktør Bente Riise.Tidsskriftet Syn og Segn har lyst ut ein essaykonkurranse for ungdom under 28 år som skriv nynorsk, med frist 10. oktober. Vinnaressayet blir premiert med 4000 kroner.

Publisert

 – Essayet er ein krevjande sjanger, men òg ein sjanger der forfattaren for brukt seg sjølv og vist fram kva han eller ho kan, seier Bente Riise, redaktør i Syn og Segn. Riise håpar at ein slik konkurranse kan vekkje skrivelysta og få uetablerte skribentar til å prøve seg. Ho presiserer at alle innsendte bidrag vil få ei skikkeleg vurdering, og at dette er ein gylden sjanse for dei som kanskje er litt usikre på eigen skriving, og som berre har lyst til å prøve seg. Essay tyder jo faktisk ”forsøk”.

– Tekstar som blir sendt inn bør kunne hamne under merkelappar som kultur, samfunn og politikk, og omfanget bør vere mellom 15 000 og 20 000 teikn med mellomrom. Elles er det ingen reglar. Vi vil at forfattaren sjølv skal brenne for noko og ha noko å fortelje. For å kunne nå ut i dagens mediekvardag er det viktig å ha ei sterk og sjølvstendig stemme, seier Riise. Ho ønskjer særleg at unge kvinner skal delta i konkurransen.

Syn og Segn kan neste år feire 120 års jubileum og heilt sidan starten har mange framståande skribentar, politikarar og forskarar debutert i nettopp dette tidsskriftet, som er det einaste allmennkulturelle tidsskriftet på nynorsk.

Bidrag skal sendast som vedlegg på e-post til b.riise@synogsegn.no før 10. oktober. 

Powered by Labrador CMS