- Tidsskrifta pustar langsamt

- Eg trur du har godt av å tvinge deg sjølv til å sjå verda frå fleire sider, lære noko som du i utgangspunktet ikkje hadde tenkt å lære noko om, fordjupa deg i tema som ikkje nødvendigvis er aktuelle no, seier Knut Aastad Bråthen, redaktør i Syn og Segn.

Publisert

Kvifor ville du bli redaktør i Syn og Segn, og kva ambisjonar har du/de?
- Eg er utdanna kulturhistorikar, og har alltid vore interessert i kultur i vid forstand. Eg kjende til Syn og Segn lenge før eg vart redaktør, og visste at bladet var ein gamal høvding i tidsskriftsverda, og eit av dei mest respekterte.

Eg har hatt høge ambisjonar for bladet – innanfor dei rammene økonomien gir. Syn og Segn – som mange andre tidsskrift – er viktige nasjonale institusjonar. Dei skal spegle heile samfunna, heile landet. Syn og Segn er eit allmennkulturelt tidsskrift i vid forstand. Det betyr at vi har tekstar om alt mogleg: om universet og psykisk sjukdom, om språket og om døden, om demokrati og klima. I siste nummer har vi temaartiklar om framtidslandbruket, samtale med Islands president, om ungdomsvald i Oslo. Slike ting.

Det er lett å tenkje at eit nynorsk tidsskrift har sitt blikk og sine tema, men Syn og Segn har sidan etableringa i 1894 hatt som mål å spegle ein større verkelegheit, og vere eit relevant tidsskrift for alle som er interesserte i samfunnet rundt seg, ikkje berre for det nynorske kjernepublikummet.

- Kva er det finaste og det verste med å vere redaktør?
- Fridomen eg har til å gjere (nesten) det eg vil. Eg bestemmer sjølv kva som skal på trykk. Eg avgjer kven som skal skrive tekstane, kven som skal ta bileta. Eg er åleine om drifta av bladet. Det gir meg god leiarerfaring. Eg kan ikkje lene meg på andre, men må styre alle prosessane.

Men tidsskriftsverda er skjør. Her er mykje åleinearbeid, og difor er arbeidet også sårbart. Her finst ingen som steppar inn når eg blir sjuk, eller stiller opp om det skulle vere behov for det. Og difor er eg også han som prøver å halde meg i forkant; som aldri let jobben ligge att når eg går for dagen, helg som sykne. 125 år med Syn og Segn skal ikkje gå over ende med meg.

- Kva er du mest stolt av at din redaksjon har lykkast med dei siste åra?
- Eg er stolt av alt, faktisk. Eg er svært godt fornøgd med både formatet og designet. Og innhaldet. Og skribentane. Og fotografane. Og designaren. Og språkvaskaren.

- Fleire tidsskrift satsar på nett, og publiserer stoff der som liknar på vekeavisene sitt kommentar-, kritikk- og debattstoff. Ser du teikn til at tidsskrifta si sjølvforståing endrar seg i den digitale offentlegheita?
- Sikkert, men dette er ikkje ei satsing som Syn og Segn har råd eller kapasitet til å gå inn i. Vi har midlar til å lage eit tradisjonelt papirtidsskrift. Om vi skal bli aktuelle på nettet, må vi endre profilen. Det får neste redaktør ta seg av.

- Medielandskapet endrar seg svært raskt. Kan tidsskrifta ta nye roller no?
- Nei, eg trur ikkje tidsskrifta vil ta nye roller, men at dei blir viktigare slik dei er. Tidsskrifta er eit viktig supplement og eit nødvendig korrektiv i den norske kulturoffentlegheita, vil eg meine. Tidsskrifta er ein plattform som pustar langsamt, som innbyr til lange og grundige resonnement. Eg trur du har godt av å tvinge deg sjølv til å sjå verda frå fleire sider, lære noko som du i utgangspunktet ikkje hadde tenkt å lære noko om, fordjupa deg i tema som ikkje nødvendigvis er aktuelle no. Kanskje blir nettopp det du las aktuelt ein dag?

- Korleis kan økonomien bli betre i tidsskrifta?  
- Det har eg lurt på kvar dag sidan eg byrja i 2013. Det går bra med tidsskriftsarbeidet, men den kreative tidsskriftskvardagen harmonerer ikkje alltid med dei økonomiske utfordringane. For mange av tidsskrifta handlar det om å halde hovudet over vasskorpa. Budsjetta er småe, og tronge. Inntektene er stabile, men utgiftene veks – til post og utsending, til trykking og design, fotografar og skribentar. Difor er eg nøydd til å kutte, skjere ned: Telefonen betalar eg sjølv. Marknadsbudsjettet er redusert til nesten ingen ting. Reisebudsjett har eg aldri hatt. Her er ingen barokk omgang med pengar. Den skrale økonomien har gjort meg nøktern i forhold til utviklingsmoglegheitene. Har vi ikkje pengar, så har vi ikkje pengar.

Eg veit ikkje kva vi skal gjere for å trygge økonomien endå meir. Tidsskrifta er i seg sjølv underskottsføretak. Det betyr at eigarane må vere innstilte på å bla opp for at det i det heile skal finnast tidsskrift.

- Kvifor er de med i Norsk tidsskriftforening, og kva er viktig at foreininga gjer framover? - Det er viktig at tidsskrifta står saman, og at vi kan målbere felles saker til den politiske leiinga. Det gjer vi best saman.

- Kva er den «beste» unnskyldninga du har fått for ikkje å levere innan fristen?
- Den mest vanlege forklaringa på at skribentar leverer etter fristen er vel at dei er overarbeidde, at dei har for mykje på programmet. Eg trur eg er ein snill redaktør, slik sett. Deadline kan tøyast lenge i Syn og Segn.

Powered by Labrador CMS