- Litteraturtidsskrifta ber eit større ansvar no

Publisert

- Eg håper og trur at dei fem årgangane med Mellom har bidratt på ein måte som korkje dei andre, etablerte litteraturtidsskrifta, dags- eller vekepressa kan. Dette er tidsskrifta si viktigaste rolle, synest eg. Men eg meiner det framleis er sant, at det er i tidsskrifta det skjer! Det skjer berre ikkje så fort. Og dermed kan det skje grundig, utviklande, inkluderande og opplysande, seier Ida Hove Solberg, redaktør i MELLOM.

.

Kvifor ville du bli redaktør i Mellom, og kva ambisjonar har du/de?
Eg starta Mellom saman med Runa Kvalsund og Marianne Lilleeng Walløe i 2014, og i 2015 kom første nummeret ut. Vi ville skape eit rom der litterær omsetting og den omsette litteraturen fekk plass i hovudsetet, noko vi sakna hos dei etablerte litteraturtidsskrifta. Sidan den gong har redaksjonen endra samansetning, og vi tel i dag seks redaktørar, der eg er den einaste igjen av oss som starta opp.

Ambisjonen var, og er framleis, å vise fram ny omsett litteratur for både lesarar og forlag, og presentere dei for refleksjonar om omsetting som fagfelt, praksis og kulturelt, ideologisk, historisk og litterært fenomen. Omsetting er ein grunnstein i verda og litteraturen; vekselverknaden mellom omsetting og samfunnet er konstant og levande, og det fortener eit eige tidsskrift.

For oss i Mellom er det eit grunnleggande poeng å famne breiare enn den norske litterære marknaden i dag tillèt forlaga og avisene å gjere. Det betyr at vi trykker ein god del omsettingar til nynorsk, at vi trykker kritikk av omsett litteratur og at vi gjer vårt beste for å vere bevisste og skape ei god fordeling av kjeldespråk, opphavsland, sjangrar og historiske epokar i kvar utgåve av Mellom. Vi meiner òg at det er viktig å tenke på kjønnsbalansen både på forfattar- og omsettarsida. Også dette inngår i redaktørskapet, i tillegg til det reine tekst- og redigeringsarbeidet.

.

Kva er det finaste og det verste med å vere redaktør?
For å ta det verste først: Det blir ein del jobbing, og for redaksjonen sin del er kvar einaste time gratisarbeid. For bidragsytarane blir det som regel også ein del ubetalt innsats. Tidsskriftet går i null, og vi har ambisjonar om å honorere alle som bidrar, så det er den største utgiftsposten vi har. Iblant nærmar vi oss satsar vi er nøgde med, men som oftast ligg vi godt under. Det er ikkje noko særleg å betale prima arbeid med eit honorar som ikkje står i stil.

Heldigvis har vi bidragsytarar som legg sjel og tid i tekstane likevel, og som veit at vi prøver så godt vi kan. Den største gleda eg har som redaktør, er når skribentane lar seg rive med, når dei blir ekstra engasjerte i tekstane og temaa vi jobbar med, og slik utfordrar både oss redaktørane, seg sjølve som skribentar og lesarane våre – utover det vanlege. Det å vite at det kan skje i det rommet som alle som har vore med og drive Mellom, har skapt, det er det aller finaste med å få vere redaktør.

.

Kva er du mest stolt av at din redaksjon har lykkast med dei siste åra? 
Vi er jo framleis eit relativt ungt tidsskrift, men at vi har klart å halde fram med fleire årgangar, og at vi har bygd opp ein stabil abonnentskare, er kanskje noko av det viktigaste vi har fått til. Utan abonnentar, og utan tilslag på søknadane år etter år, hadde det ikkje funnest noko Mellom. Og da hadde vi ikkje kunna lage alle dei nummera som vi er så stolte over å ha dratt i land. Mellom nr. 10 i rekka er på trappene! Det veit eg ikkje om vi hadde trudd da vi starta opp ein vårdag for fem år sidan.

Eg må også legge til at eg er utruleg stolt av dei som er komne inn i Mellom-redaksjonen med tida. Dei kastar seg tilsynelatande fryktlause ut i det, og landar stilsikkert på føtene. Ikkje alle har tida til å bli verande, og det er forståeleg. Eg er ikkje mindre imponert over dei som har vore innom, enn dei som har blitt verande. Det er eit privilegium å få jobbe med så dyktige menneske, som altså ikkje får eit øre for innsatsen.

.

Fleire tidsskrift satsar på nett, og publiserer stoff der som liknar på vekeavisene sitt kommentar-, kritikk- og debattstoff.Ser du teikn til at tidsskrifta si sjølvforståing endrar seg i den digitale offentlegheita?
Det kan hende det finst dei som ønsker å konkurrere på same plattform som vekeavisene, og som samtidig nærmar seg deira form og fokus. Og det er det ingenting i vegen med. For debatt kan nettfora vere vel så eigna som trykte tidsskrift (iallfall om ein tenker seg eitt som vårt, som kjem ut to gongar i året). For vår del er det vel snakk om ein balansegang. Eg ser jo at ein ikkje kan vere usynleg på internett, og det hender vi deler tekstar frå våre bidragsytarar med bloggar og andre som publiserer på nett.

Samtidig meiner eg at vårt format er verd å ta vare på. Dei lange tankane har ikkje like god plass på nett, og dermed krympar også tekstane. Som lesarar er vi framleis meir vande med å lese lengre på papir. Vi treng også skjermpausar, og kva er vel betre enn å fylle dei med gode, langsame tekstar, som ikkje konkurrerer mot mailen og meldingane og nettavisene og dei sosiale media? Tekstar som berre står før og etter andre tekstar, og som saman med desse andre tekstane utgjer eit lite univers du ikkje finn nokon annan stad. Det hastar ikkje for oss å kome på nett, sjølv om både kommunikasjon med andre aktørar, promotering og arrangementsinformasjon har sin plass der.

.

Medielandskapet endrar seg svært raskt. Kan tidsskrifta ta nye roller no?
Med fare for å gjenta meg sjølv, må eg insistere på at ei ny, eller snarare annleis rolle i dagens medielandskap jo kan seiast vere å halde på den trykte forma. Det er vår styrke og vårt rom, og vi har ikkje mykje å bidra med om vi skal konkurrere med dei redaksjonane som publiserer stoff på nett kvar veke. Stoffet vårt konkurrerer heller ikkje med innhaldet i aviser eller på debattsider, så det gir ikkje meining for oss å vere der no.

Ei viktig endring for vår del er nok at den litterære samtalen tilsynelatande er i ferd med å forsvinne ut av dei etablerte media, og litteraturtidsskrifta ber såleis ein større del av ansvaret for å skape rom for tenking og ytring om litteratur. Da meiner eg ikkje berre kritikk, sjølv om denne nok er tydelegast svekka i det siste. Den meir langsame, overordna samtalen om den omsette litteraturen sin eigenverdi og rolle i verda, må få oppstå og utvikle seg over tid. Eg håper og trur at dei fem årgangane med Mellom har bidratt til det på ein måte som korkje dei andre, etablerte litteraturtidsskrifta, dags- eller vekepressa kan. Dette er tidsskrifta si viktigaste rolle, synest eg – og det er jo eit relativt tradisjonelt svar frå min kant. Men eg meiner det framleis er sant, at det er i tidsskrifta det skjer! Det skjer berre ikkje så fort. Og dermed kan det skje grundig, utviklande, inkluderande og opplysande.

.

Korleis kan økonomien bli betre i tidsskrifta?
Det er ikkje noka hemmelegheit at våre inntekter for det aller meste kjem frå offentlege støtteordningar. Sjølv om tanke- og tekstarbeidet som finn stad i Mellom er av høg verdi, er det ikkje noko vi kan selje for mange pengar. Da blir støtteordningane alfa og omega. Og det er også gjennom støtteordningane, ved å styrke desse og å utvide dei til også å innebere varige og stabile tilskot over fleire år, at ein kan betre økonomien til tidsskrifta. Her finst ikkje annonsemarknad eller reklameinntekter. Og ikkje vil vi ha det heller.

.

Kvifor er de med i Norsk tidsskriftforening, og kva er viktig at foreininga gjer framover?
Vi var aldri i tvil om at vi skulle bli med i Norsk tidsskriftforeining. Saman er ein både mindre åleine og mykje sterkare. I einsemd kunne vi ikkje ha slost for støtteordningane eller arbeidd for å betre kåra. Gjennom medlemskap i tidsskriftforeininga er vi med i den kampen, og det er viktig. Eg trur at kjerneverksemda til foreininga bør ligge her, i arbeidet med å styrke dei økonomiske rammene til tidsskrifta, gjennom blant anna å synleggjere den store floraen av norske tidsskrift og å løfte fram kompetansen og arbeidstimane som ligg bak kvart einaste nye nummer.

Kanskje skulle dette også bli halde fram for lesarane iblant, som eit slags behind-the-scenes-innblikk, som kan minne ein om at viss ein synest det er bra at eit tidsskrift finst, burde ein også kjøpe og lese det. Elles (over)lever vi ikkje, sjølv kor gode støtteordningane blir.

.

Kva er den «beste» unnskyldninga du har fått for ikkje å levere innan fristen?
Eg må dessverre seie at på akkurat denne fronten er ikkje bidragsytarane våre så veldig kreative. Dei er jo så dyktige og leverer for det meste på tida, eller ikkje så lenge etter, keisamt nok – eller, eg priser meg jo lykkeleg for det! Ære vere alle som skriv i tidsskrift, og attpåtil leverer innan fristen.

Powered by Labrador CMS