- Å finne den rette

Publisert

 - Eg er ganske nøgd med at Vinduet dei siste åra har kombinert djuptloddande, kritiske essays – det vere seg om økolitteratur, den russiske revolusjonen, minnekunst etter 22. juli eller forfattarskapen til W.B. Yeats – med mange andre, og ofte ganske morosame format, seier Maria Horvei, redaktør i litteraturtidsskriftet Vinduet. Ho blir ekstra glad når ho får fantastisk gode tekstar, fordi ho spurte rett person om å skrive om rett tema.

Kvifor ville du bli redaktør i Vinduet, og kva ambisjonar har du?
- Eg var nok rørande fri for motførestillingar då eg takka ja til jobben. Full redaksjonell fridom, å bruke nesten all si tid på tekst og litteratur, å forme eitt av Noregs mest tradisjonsrike tidsskrift etter sitt eige hovud... Ikkje har eg blitt desillusjonert heller, eg er like nøgd to år seinare.

Det er sjølvsagt mange ambisjonar knytt til ei slik rolle, både av høgtflygande og ganske så konkret slag. Eit døme på sistnemnde er at eg vil lage eit litteraturtidsskrift der kvar lesar finn tre saker hen vil lese i kvart nummer.

Kva er det finaste og det verste med å vere redaktør?
- Dei beste augeblikka i redaktørstolen oppstår når det kjem inn tekstar som er akkurat så godt skrivne og interessant tenkte som eg håpa at dei skulle vere, om ikkje betre. Då frydar eg meg! Og motsett er det sjølvsagt keisamt når ein tekst glipp, ikkje vert levert i tide eller ikkje vert klar til trykk.

Kva er du mest stolt av at din redaksjon har lykkast med dei siste åra?
- Det fyrste eg tenker på er einskildtekstar som er fantastisk gode, og som har kome til nettopp fordi Vinduet spurte rett person om å skrive om rett tema. Eg tenker til dømes på reiseskildringane til Nils-Henrik Smith, Anna Kleiva og Hanna Stoltenberg, som alle sto på trykk i 2019, og på Dag F. Gravem sin Rocky-elegi i nr. 3/2018, og på Vilde Sagstad Imeland sitt personlege møte med instagrampoeten Rupi Kaur  i nr. 4/2018, og på Kåre Bulie sin gjennomgang av Karl Ove Knausgård sitt kunstkritiske virke i nr. 3/2019, og på… ja, på ganske mange, rett og slett! Og så er eg stolt over temanummeret om skeiv litteratur (nr. 2/2019), og at Vinduet var fyrst ute med å introdusere Vivian Gornick for norske lesarar, i mitt aller fyrste nummer som redaktør.

Eg er også ganske nøgd med at Vinduet dei siste åra har kombinert djuptloddande, kritiske essays – det vere seg om økolitteratur, den russiske revolusjonen, minnekunst etter 22. juli eller forfattarskapen til W.B. Yeats – med mange andre, og ofte ganske morosame format. Tidslinja over 2010-talets litteraturdebatt i siste nummer, til dømes, eller samtalen mellom fire norske forfattarar om norsk litteratur i dag, eller enquetar om det eine og det andre.

Fleire tidsskrift satsar på nett, og publiserer stoff der som liknar på vekeavisene sitt kommentar-, kritikk- og debattstoff. Ser du teikn til at tidsskrifta si sjølvforståing endrar seg i den digitale offentlegheita?
-Tja, framleis er det vel andre media som er drivande på desse stoffområda, men det er bra å sjå at det er fleire tidsskrift som er framoverlente her. For dei fleste tidsskrift vil ikkje dette vere den fremste rolla å spele, men det er klart at me alle saman må tenke på korleis me vert påverka av nye publiseringsstrategiar, endra lesevaner, ein tøffare annonsemarknad og så bortetter.

Medielandskapet endrar seg svært raskt. Kan tidsskrifta ta nye roller no?
- Det får ein håpe, samstundes som me jo brukar mykje energi på å oppretthalde vår gamle rolle: Å vere plattformar for andre typar tekstar enn det er plass til i dags- og vekeaviser, og som kanskje framleis gjer seg betre på papir enn på nett.

Korleis kan økonomien bli betre i tidsskrifta? 
- Den som visste det! Eg er i den pessimistrealistiske leiren når det gjeld det kommersielle potensialet til tidsskrifta – ein kan nok alltid få inn nokre fleire abonnentar og noko høgare laussal, men eit kulturtidsskrift er berre unntaksvis noko anna enn eit tapsprosjekt. Sånn sett er tidsskrifta i godt selskap, både kultur- og medie-Noreg hadde vore aude landskap utan alle prosjekta som går i underskot reint økonomisk.

Eg trur det viktigaste er å finne modellar som fungerer og er nokolunde stabile for dei einskilde tidsskrifta. For nokon – kanskje spesielt for dei tidsskrifta som fungerer som plattform for mange unge og uetablerte skribentar – vil dette bety kulturrådstøtte og mykje gratisarbeid. Større og meir etablerte tidsskrift er i stor grad avhengige av ein eigar som forstår verdien av ein rik tidskiftflora i Noreg, kombinert med kulturrådstøtte og det som finst av eigeninntekter. Det er her me står i dag, og eg har diverre ikkje ein genial plan utover dette. Men heldigvis har Kulturrådet tatt ansvar dei siste åra, at dei har rusta opp tidsskriftstøtta er knallbra.

Kvifor er de med i Norsk tidsskriftforening, og kva er viktig at foreininga gjer framover?
- Om ein kan stå saman om felles interesse, bør ein jo gjere det? Om Tidsskriftforeninga i tillegg kan presentere eit svar på spørsmålet over, betaler eg gladeleg dobbel kontingent.

Kva er den «beste» unnskyldninga du har fått for ikkje å levere innan fristen?
- Haha, eg skal ikkje utlevere skribentane mine for mykje. Men til framtidige skribentar kan eg vel seie at ein enkel beskjed – gjerne litt tid før avtalt dødlinje – om at du diverre ikkje er i rute med teksten, vil bli møtt med vel så mykje forståing og respekt som lange og detaljerte utflukter i den eine eller andre retninga.

Elles har eg rett som det er sjølv måtte beklage at eg har vore forseinka med å gje tilbakemelding på tekst, mellom anna fordi eg «nettopp har født eit barn». Det syns eg er ei unnskyldning som står seg.

Powered by Labrador CMS