Prisen Årets nordiske kulturtidsskrift ble delt ut av tidligere president Tarja Halonen på bokmessa i Helsinki 28. oktober.

Prosa er Årets nordiske kulturtidsskrift 2023!

Fra juryens begrunnelse: «Som läsare är man imponerad över hur väl redaktionen kopplar samman varje nummers huvudtema med de verk som recenseras. Intrycket är också att inget lämnas åt slumpen. Här finns en omsorg för detaljer! Tunga ämnen blir inte tunglästa, bland annat tack vare den snygga layouten.»

Nordisk kulturtidskriftsförening (NKTF) står bak prisen, der dei nominerte er dei fire nasjonale vinnarane frå Finland, Sverige, Danmark og Noreg.

I år skjedde tildelinga under bokmessa i Helsinki, og Prosa-redaktør Merete Røsvik vart den heldige mottakaren av nordisk heider og rosande omtale framført av den tidlegare finske presidenten Tarja Halonen.

Juryen har bestått av Dan Lolax, redaksjonssjef i Hufvudstadsbladet (Finland), Yvonne Granqvist, forfattar, kritikar og skrivecoach (Sverige) og Andreas Wiese, kritikar og skribent (Noreg).

Les meir om arrangementet og grunngjevinga frå juryen her.

President Tarja Halonen, redaktør Merete Røsvik og Maria Felle, Nätverkstan, under utdelinga av prisen Årets nordiske kulturtidsskrift 2023. Helsinki, 28. oktober.
Hyggelig lunsj etter prisutdelinga med president Tarja Halonen og det nordiske tidsskriftnettverket.
Powered by Labrador CMS