Tidsskriftet Jaja på papir!

- Etter eit par år på nett kjem no den første papirutgåva. På papir får ein den roa rundt lesinga som tekstane og lesarane fortener og ynskjer seg, seier Tora Hope, redaktør i Tidsskriftet Jaja. Ting som tause forteljarar er hovudtema.

 - Kvifor vil de ut på papir no?

- Allereie då vi etablerte Tidsskriftet Jaja i 2023, fekk vi spørsmål frå lesarar som ynskte seg Jaja på papir. Jaja er eit rom for å utforske forteljingar, språk og munnleg og skriftleg forteljekunst, og eit tidsskrift for nye og etablerte skribentar og forteljarar. Med våre digitale utgåver har vi hatt kring 6000 unike besøkande på tidsskriftetjaja.no, men å lese på nett er likevel noko anna enn å halde eit blad i hendene. Med Jaja på papir får ein den roa rundt lesinga som tekstane og lesarane fortener og ynskjer seg. Ein kan bruke tida ein treng, vende tilbake og ta opp att tråden. Eg tykkjer også temaet Ting som tause forteljarar høver seg for den første fysiske utgåva av eit tidsskrift om forteljekunst. Tekstane er i ulike sjangrar - poesi, noveller, essays og reportasjar med meir, seier redaktør Tora Hope.

Lansering i løa

Lanseringa av Tidsskriftet Jaja på papir var starten på Fest i Fjaler og tre dagars feiring av munnleg og skriftleg forteljekunst, som markerte femårsdagen til Jakob Sande - senter for forteljekunst. Det var fullt hus i "Løa" hos Sandesenteret då Tidsskriftet Jaja lanserte utgåva. Redaktør Tora Hope fortalde om temaet for utgåva Ting som tause forteljarar:

- Å velje seg ein ting kan setje den som vil fortelje på eit spor. Du får ein konkret stad å starte frå, noko å samle deg om. Særleg er det interessant med dei usensasjonelle tinga vi omgir oss med, dei som vi tek for gjeve. I 2023 gjesta arkeologen Hein B. Bjerck Sandesenteret, som gir ut Jaja, med føredraget Kva fortel tinga? Bjerck har vore oppteken av desse ordinære gjenstandane. Dagleg leiar i senteret og tidlegare redaksjonsrådsmedlem i Jaja, Rakel C.W. Solheim, synte meg biletet av ein blyantstump arkeologen hadde teke vare på etter far sin og foreslo dei tause forteljarane som tema for Jaja. Blyanten var kvessa ned til ein centimeter, og full av forteljingar. Eg likte ideen godt, det er eit høveleg tema når Jaja no har blitt ein fysisk gjenstand, ein ting vi kan halde i hendene.

- Jaja: eit tidsskrift om og med forteljekunst,
for ålmenta, for den undrande, for den som
vil eksperimentere.

Gunnstein Akselberg

Fleire i redaksjonsrådet i Tidsskriftet Jaja bidrog i programmet. Forfattar, omsetjar og leiar av Skrivekunstakademiet, Sivert Nesbø, las essayet han skreiv til utgåva, Å lese seg sund, som handlar om skrive- og lesearbeid. Forfattar Katrine Sele fortalde om ting som ikkje fungerer som dei skal. Fotograf og forfattar Heidi Hattestein fortalde om korleis pianoet til Nikka Vonen har blitt til reportasjen Er ein skrudd ihop som eit piano, er det vanskeleg å vere stille, om opprørske kvinner som Vonen sjølv og Madina Darwazi, freds- og kvinnerettsaktivist frå Afghanistan. Og professor Gunnstein Akselberg fortalde om kva Tidsskriftet Jaja er og vil vere: Eit tidsskrift om og med forteljekunst, for ålmenta, for den undrande, for den som vil eksperimentere.

Jaja + SKROT = sant

Bidragsytarar er Monica Goksøyr, Robin Van de Walle, E.V. Crowe og Erik Hovland, Siri Helle, Eli Fossdal Vaage, Brynjulf Jung Tjønn, Janne Karin Støylen, Rakeb Erana, Dubie Toa-Kwapong, Gunnstein Akselberg, Heidi Hattestein, Marjam Idriss, Benedicte Sundsbø, Maja Raaen Hisdal, Lea Widding Bakken, Robert Haugen, Sivert N. Nesbø, Ruth Lillegraven, Elise R. Eikevik, Eva Meier og Signe Wohlfeil. Maria Astrup har stått for omslag og design.

I papirutgåve har også tekstkollektivet SKROT fått ti sider til å rå med som dei vil, med redaktørane Vilja Antonsen, Emma Eggen, Algot Jennhag, Helle Linderud, Vilde Paasche og Sarah Safavifard, og tekstar frå Vilma Wirenhed, Johanne Magnus, Mina Hussain, Silje Ramnefjell Schousboe, Synne Gulliksen og Ea Danielsen.

Papir-Jaja kan ein kjøpe i nettbutikken og bokhandelen til Tekstallmenningen i Bergen og utgjevar Sandesenteret i Fjaler. Opplaget er avgrensa og går unna.

- Kva blir den vidare satsinga på nett?

- Vi skal også halde fram med digitale utgåver. Dei let oss nå eit breiare publikum med avgrensa budsjett, og let fleire lese Jaja. Vi har no våre fjerde digitale utgåve gåande, med tema Verda slik vi kjenner ho og bidrag frå blant andre Elisabeth Eide, Siri Helle og Johanne Magnus. Utgåva går frå juni til kring oktober, og handlar om kva vi vil endre og kva vi ikkje vil miste i ei verd i rask endring. 

Powered by Labrador CMS