Redaktørenquete: Krabben

- Jamn rytme og publiseringstakt er viktig

- Eg er mest stolt av at me har skapt eit levedyktig, fleirmedialt tidsskrift for poesikritikk, seier Sindre Ekrheim, redaktør i Krabben. Kvar veke publiserer tidsskriftet tekstar og lydversjonar på nett, arrangement blir til podkastar og Krabben: Årskalender for lyrikk kjem på papir.

- Kva er hovudsatsinga til tidsskriftet Krabben framover?

- For Krabben handlar det alltid om å vere i eit fleirtal av satsingar, for å få samverkeeffektar til å oppstå. Også av den grunn er det fleirmediale Krabben oppteken av å samarbeide med andre institusjonar og aktørar. Krabben ønskjer å skape interesse både for poesien og samtalen om poesien. Noko av det som har høgaste prioritet for oss, er at dei digitale utgåvene kjem når dei skal. Ein jamn rytme, ei publiseringstakt er viktig.

Kjerneverksemda handlar om å lage kvalitativt godt innhald – og publisere. Krabben er oppteken av å famne heile det mangarta poesifeltet, slik at Krabben fungerer som innfallsport til samtidspoesien. Krabben satsar også på å utvikle poesikritikken, gjere den til eit myldrande område.

Det ligg dessutan i Krabbens klør å dyrke fram nye og yngre poesikritikarar. Me har eit veldig spenn når det kjem til alderen på kritikarane. No er forresten ikkje det å vere kritikar ein karriereveg til pengar eller suksess. Kritikaren er ein slags kulturens søppelmenn/søppelkvinner/søppelhen, som samlar opp og studerer det andre kastar ifrå seg. Ikkje heilt ulikt det taskekrabben gjer, altså. Og så blir den til mat for andre.

- Kva er du mest stolt av at redaksjonen har lykkast med dei siste åra?

- At Krabben har klart å halde det gåande i tre år, og har med ganske få midlar publisert poesikritikk av høg kvalitet gratis tilgjengeleg for alle som ønskjer å lese – og at vi har makta gi ut årlege papirpublikasjonar: Årskalender for lyrikk. Verdt å nemne her, er at Krabben har skipa til fysiske arrangement og laga podkastar av dei. Krabben har hatt trufaste økonomiske støttespelarar og gode, entusiastiske lesarar. Det er fint.

Krabben var også tidleg ute med å lage opplesingar av kritikk-tekstane, slik at det er mogleg for brukarane av tidsskriftet å høyre på lydversjonar av kritikkane. Om eg skal summere, er eg mest stolt av at me har skapt eit levedyktig, fleirmedialt tidsskrift som finst både på nett (som skrift og lyd), som fysiske arrangement og som har ein sjølvstendig eksistens på papir, i form av Krabben: Årskalender for lyrikk. 

"Kritikaren er ein slags kulturens søppelmenn/søppelkvinner/søppelhen, som samlar opp og studerer det andre kastar ifrå seg. Ikkje heilt ulikt det taskekrabben gjer, altså. Og så blir den til mat for andre."

-  Kva veit de om lesarane dykkar? 

- Vi veit at det finst mange poesiinteresserte og mange poesientusiastar der ute. Poesioffentlegheita er meir mangfaldig og større enn ein først innbiller seg. Krabben har eit spekter av lesarar, alt frå alminneleg poesiinteresserte menneske, studentar, poetar, forlagsfolk, kritikarar og andre. Det mest markante trekket i kunnskapen min om lesarane til Krabben, er at dei er trufaste, tolmodige og gode lesarar. Det er eg glad for.

- Kva er den beste måten å marknadsføre tidsskriftet på, etter dykkar erfaring? 

- Til no har ikkje Krabben brukt ei einaste krone på marknadsføring. Alt går med til å lage innhald. Å publisere kvalitativt gode og fagleg solide poesimeldingar, gjere det me gjer på den beste måten me evnar – det er etter mitt skjøn god marknadsføring.

Eg trur på det å vekse langsamt, i skuggen. Vere til stades, eksistere, finnast. Vere ei moglegheit. Det er det kulturskaping handlar om. Men skal ein gå til det praktiske nivået, så vil eg nok hevde at nyheitsbrevet som kjem kvar veke, er ein god kanal for å informere abonnentane om tidsskriftets nye oppslag. Fysiske arrangement er også ein marknadsføringsarena for oss, der nye folk kan bli kjende med Krabben. Men hensikta med dei fysiske arrangementa er å vere ein møteplass – og bli til ein podkast som kan publiserast i tidsskriftet. Samverkeeffektar igjen, altså.

- Korleis prioriterer tidsskriftet mellom papir og nett, og kva har endra seg med digitaliseringa?

- Nettet er sentralt for oss, det er der sjølve rytmen til Krabben finst, med ei fast publisering i veka. Men det er eit heilt sentralt poeng å vere til stades på papir også, gjennom Årskalender for lyrikk. Der samlar vi mykje av det som har vore publisert gratis tilgjengeleg på nettet.

Krabben har ei oppfatning av at kritikk-tekstane har lenger levetid, ein vidare tidshorisont enn berre å vere dagsaktuell. På papir er Krabben ein ressurs for både litteraturinteresserte, for studentar, bibliotek og universitet. Krabben freistar å ta nettrøyndomen med seg inn i skapinga av tidsskriftet. Tidsskriftet er slik sett eit barn av nettet, samstundes som papirutgåva har ein litt lengre tidshorisont. 

- Kva bør politikarane ta tak i på tidsskriftfeltet? 

- Det som er eit problem, er sjølvsagt finansieringa. Det å finne nye modellar og moglegheiter for finansiering av tidsskrifta, krev at ein har ressursar, tid og pengar til å vie seg til dette arbeidet. Solide og berekraftige modellar blir ikkje laga på ein dag.

Kanskje må ein freiste få til auka samarbeid, skape nye samarbeidskonstellasjonar mellom ulike aktørar, mellom tidsskrift, biblioteka, institusjonar og organisasjonar. Så er det jo viktig å styrke dei gode tiltaka og institusjonane som finst. Krabben er til dømes veldig glad for at Tekstallmenningen eksisterer. Utan dei hadde me vore fortapte.

- Kva er den største utfordringa for deg som redaktør no?

- Det handlar som så ofte elles om økonomi. Det er ikkje så prekært no som det har vore, men det er likevel framleis eit problem at redaktørarbeidet, ombrekkinga av Årskalender for lyrikk og det å skrive søknadar ikkje er honorert. Eg er likevel glad for at Krabben maktar å betale alle bidragsytarane gagns honorar. Me skulle gjerne ha betalt dei enno betre.

"Krabben er til dømes veldig glad for at Tekstallmenningen eksisterer. Utan dei hadde me vore fortapte."


- Kva ville du gjort med tidsskriftet om du fekk ti millionar kroner?

- Med den summen kunne ein drifte Krabben i 20 år framover. Eg ville nok gjort som me gjer i dag, men forbetra tidsskriftet i alle ledd, og honorert redaktøren. Kanskje auka publiseringstakta til to gonger i veka. Ein promille av beløpet ville me ha nytta til digital fornying – og meir til trykkinga. Så ville eg ha sett av ein pott til illustrasjonar.

Ein del pengar ville me sett av til å utforske nye og meir langsiktige modellar for finansieringa, slik at dei som lagar innhaldet og dei som redigerer tidsskrifta får skikkeleg betalt for arbeidet også i framtida.

Les Krabben her.

Powered by Labrador CMS