Redaktørenquete: JAJA

Vil utvide forteljinga om bygda

- Det vert laga mykje spennande kultur og kunst utanom byane som i liten grad blir spegla i offentleg debatt. Det vil vi gjere noko med, seier Tora Hope, redaktør i det nystarta Tidsskriftet Jaja i Fjaler.

- Kva er hovudformålet med Tidsskriftet Jaja?

- Tidsskriftet Jaja er eit norsk tidsskrift om og med forteljekunst, som skal få fram meir allsidige forteljingar frå bygd og by. Særleg bygd, sidan vi held til i Fjaler. Dette tidsskriftet skal vere eit rom for å utforske kva ei forteljing er og kan vere, og bidra til fleire og meir allsidige forteljingar om kven vi er.

- Kva er hovudsatsinga til tidsskriftet framover?

- I Jaja vil det alltid vere ei hovudsatsing å nerde på forteljingar og forteljekunst. Framover satsar vi mellom anna på å bygge opp kulturkritikk med sete i distrikta. Det vert laga mykje spennande kultur og kunst utanom byane, og som i liten grad blir spegla i offentleg debatt. Det vil vi gjere noko med. Ei anna satsing er å finne og få fram nye røyster og forteljingar. Vi har mange planar på blokka som vi gler oss til å dele meir om seinare.

- Kva er du mest stolt av at redaksjonen har lykkast med?

- Eg er stolt over redaksjonsrådet, skribentane og Jakob Sande - senter for forteljekunst, som har laga eit heilt nytt tidsskrift frå scratch! Stoltast er eg av tekstane og bidragsytarane i første utgåve, som ein kan lese på tidsskriftetjaja.no.

- Kva veit de om lesarane dykkar?

- Ikkje så mykje endå. Vi har berre eksistert sidan september 2023, så datagrunnlaget er førebels avgrensa.

- Kva er den beste måten å marknadsføre tidsskriftet på, trur du?

- Å få låne mikrofonen av etablerte miljø med nettverk og publikum har vore viktig for oss. Tidsskriftet Jaja er eigd av Jakob Sande - senter for forteljekunst, som løftar fram tidsskriftet i sine kanalar. Vi lanserte også tidsskriftet frå scena under Teaterfestivalen i Fjaler.

I tillegg bygger vi opp eigne kanalar for tidsskriftet (sosiale medium og e-postliste). Ikkje minst har presseoppslag vore viktige for å sende lesarar vår veg.

- Korleis prioriterer de mellom papir og nett?

- Jaja er hovudsakleg eit nettidsskrift, men vi vurderer å lage ei årleg fysisk utgåve. Det er det mange som ønsker seg!

«Det er ikkje berre-berre å starte tidsskrift i dagens medieøkonomi.»


- Kva bør politikarane ta tak i på tidsskriftfeltet?

- Tidsskrifta er viktige for kritisk offentleg refleksjon og tek gjerne føre seg andre saksfelt enn dei andre media. Lokalavisene er med rette kalla ryggrada i medie-Noreg, men mange stader har korkje lokalavis eller andre redigerte offentlegheiter. Kanskje er det einaste offentlege rommet den lokale Facebook-gruppa, gjerne styrt etter varierande prinsipp. Det er eit tap for alle, vi treng ein rik offentleg samtale også utanfor byane. Å legge til rette for ein brei tidsskriftflora bør vere viktig for politikarane.

- Kva er den største utfordringa for deg som redaktør no?

- Det er ikkje berre-berre å starte tidsskrift i dagens medieøkonomi. Å arbeide for langsiktig drift og eit meir solid fotfeste, er ei viktig utfordring. Å nå fleire lesarar og gjere tidsskriftet kjent blant alle dei potensielle lesarane våre, er også sjølvsagt sentralt.

- Kva ville du gjort med Tidsskriftet Jaja om du fekk ti millionar kroner?

- Eg ville tilsett ein stor og dyktig redaksjon, med folk frå mange ulike plassar i distrikta. Ei blanding av ferske og erfarne stemmer, og med ulik slags bakgrunn: journalistar, kritikarar, forfattarar, litteraturvitarar, fotografar, grafikarar, korrekturlesarar, podkastarar, omsetjarar, filmskaparar, teaterkritikarar og andre forteljarar. Saman skulle vi lagd eit myldrande skrivande og skapande miljø, og utforska i form og sjangrar kva eit tidsskrift kan vere. Vi skulle fått fram eit mangfald forteljingar frå distrikta, og skapt interessante samtalar om kva livet på bygda er og kan vere. Med andre ord det same vi har tenkt å gjere no, berre i ein langt større skala og for eit større geografisk område.

MYKJE MEIR ENN DU TRUR: - Vi treng ein rik offentleg samtale også utanfor byane. Å legge til rette for ein brei tidsskriftflora bør vere viktig for politikarane, seier Tora Hope i Tidsskriftet Jaja.
MYKJE MEIR ENN DU TRUR: - Vi treng ein rik offentleg samtale også utanfor byane. Å legge til rette for ein brei tidsskriftflora bør vere viktig for politikarane, seier Tora Hope i Tidsskriftet Jaja.
Powered by Labrador CMS