Debatt: Kva skal vi med sidemål?
Kvifor skal vi eigentleg lære både nynorsk og bokmål i skulen, kor stor plass bør sidemålsopplæringa ha, og kva slags sidemålsordning vil vere best for nynorsken?
I panelet: Janne Nygård og Vebjørn Sture, forfattarar av boka «Kva skal vi med sidemål», Arnfinn Muruvik Vonen, direktør i Språkrådet, Mina Finstad Berg, generalsekretær i Sosialistisk Ungdom og Marit Nerås Krogsæter, sentralstyremedlem i Senterungdommen.
Debattleiar: Ola E. Bø
Dag og tid: Torsdag 14. februar klokka 19.00, hjå Fritt Ord, Uranienborgveien 2.
Dørene opnar kl. 18.00. Lett servering.
Gratis inngang.
Arr.: Syn og Segn og Norsk tidsskriftforening. Støtta av Fritt Ord og Norsk kulturråd.