Bente Riise tildelt Nynorsk redaktørpris for 2011

Riise gjer eit framifrå arbeid for tidsskriftet og for nynorsk mediespråk. Det betyr mykje at tradisjonsrike publikasjonar som Syn og Segn når stadig vidare ut og rekrutterer nye skribentar, seier leiar for Mediemållaget, Berit Rekve.

Publisert

Les grunngjevinga og meir om prisvinnaren:

Høgt ambisjonsnivå

Bente Riise har gjennom dei åra ho har vore redaktør for Syn og Segn gjort ein stor og viktig innsats for nynorsk som mediespråk. Ho har modernisert og popularisert det gamle og ærverdige tidsskriftet. Gjennom dette arbeidet har ho klart å gjere tidsskriftet til ein interessant arena også for journalistar, forfattarar, forskarar og andre skribentar som ikkje i utgangspunktet trur dei kan eller vil skriva nynorsk.

Riise driv utstrekt talentspeiding blant yngre potensielle gode pennar, og arbeider systematisk med coaching og tilbakemeldingar for å halde ein høg kvalitet - både når det gjeld innhald og språk.

Ambisjonsnivået på vegner av det nynorske skriftspråket er høgt, og i redaktørperioden sin i tidsskriftet har ho hatt eit mål om å vere malen/oppskrifta for kva som er god nynorsk på prent.

Gjennom vervet som leiar i Norsk Tidsskriftforening og det store kontaktnettet har ho gjort eit stort og viktig arbeid med å gjere nynorsken synleg og naturleg i fleire miljø der han ikkje står høgt på agendaen. Ho både er og har vore ein viktig premissleverandør for språkpolitikk og språkhaldningar, ikkje berre i eigen redaksjon og i arbeid med dei som skal på prent i tidsskriftet, men langt utover dette.

I perioden Bente Riise har vore redaktør for Syn og Segn har tidsskriftet blitt kåra til Årets tidsskrift i Noreg og Årets tidsskrift i Norden.

Lang erfaring

Bente Riise er fødd i 1962. Ho har omfattande og variert journalistisk praksis og lang røynsle som redaktør. Ho er òg sakprosaredaktør i Samlaget.
Riise har arbeidd i NRK, både i radio og fjernsyn, i Aftenposten, Dagens Næringsliv, Dagbladet, Psykisk helse, Tidsskrift for Norsk Psykologforening og i Oslo Kringkastar.
I hennar tid som redaktør for Psykisk helse fekk dei seks fagpresseprisar, m.a. Hovudprisen Fagpresseprisen.
Ho vart kåra til Årets frilansar for arbeidet med boka Mor Russlands døtre i 1992.
Beste Riise har òg hatt ei lang rekkje verv i organisasjonsliv og presse, mellom anna styreleiar for vekeavisa Dag og Tid.

Kontaktpersonar

  • Bente Riise - mob. 905 84 838
  • Berit Rekve - mob. 958 70
Powered by Labrador CMS