26. september: Portrettet i tidsskrift

Publisert

Mange forvekslar portrett med lange intervju, men det treng slett ikkje vere det same. For at noko skal kvalifisere som portrett krev vi litt meir enn lange spørsmål-svar-sekvensar. Nøkkelen er å gjere intervjuet til ein reportasje om ein person, og då må vi ta i bruk fleire verkemiddel enn opptaksutstyr. På dette kurset går vi gjennom dei metodane du treng for å lage eit fullverdig portrett.

Vi ser mellom anna på dette:

•             Førehandsresearch
•             Førebuing av spørsmål
•             Observasjonsteknikkar
•             Scener
•             Det faglege og det personlege
•             Forskjellen på meiningar og refleksjonar
•             Forteljarstemma
•             Sitatbruk
•             Dramaturgi, oppbygging
•             Stil og språk

Kurset er delt i to. Den første halvdelen av dagen bruker vi tida på punkta over, resten av tida ser vi på portrett eller utkast til portrett frå deltakarane.

Stad: Litteraturhuset i Oslo, Kverneland
Tid: 26. september kl. 9-16

Pris: Kr 1000 - Enkel lunsj inkludert

Kun 12 plasser

Påmelding her.

Fagleg ansvarleg og kurslærar: Asgeir Olden
Fram til 2021 var han i femten år på Institutt for Journalistikk, der han hadde ansvaret for dei fleste av skrivekursa på instituttet. Før den tid var han journalist og redaktør, først i Sunnmørsposten, så i Dag og Tid, Bergens Tidende og Nynorsk Pressekontor. Han har skrive ni bøker, og sat som representant for Presseforbundet i  Norsk Språkråd i 16 år. Han har halde ei rekkje kurs for Norsk tidsskriftforening dei siste ti åra.

Powered by Labrador CMS