Kurs 19. oktober 2023: Portrettet 

På dette kurset går vi gjennom dei metodane du treng for å lage eit fullverdig portrett.

Mange forvekslar portrett med lange intervju, men det treng slett ikkje vere det same. For at noko skal kvalifisere som portrett krev vi litt meir enn lange spørsmål-svar-sekvensar. Nøkkelen er å gjere intervjuet til ein reportasje om ein person, og då må vi ta i bruk fleire verkemiddel enn opptaksutstyr. På dette kurset går vi gjennom dei metodane du treng for å lage eit fullverdig portrett.

Vi ser mellom anna på dette:

• Førehandsresearch
• Førebuing av spørsmål
• Observasjonsteknikkar
• Scener
• Det faglege og det personlege
• Forskjellen på meiningar og refleksjonar
• Forteljarstemma
• Sitatbruk
• Dramaturgi, oppbygging
• Stil og språk

Tid og stad:
19. oktober, kl. 09.00-16.00, Litteraturhuset i Oslo, Kverneland

Pris:
Kr. 1250,- inkl. enkel lunsj

Påmelding her, frist 16. oktober kl. 12.00.


Fagleg ansvarleg og kurslærar: Asgeir Olden
Fram til 2021 var han i femten år på Institutt for Journalistikk, der han hadde ansvaret for dei fleste av skrivekursa på instituttet. Før den tid var han journalist og redaktør, først i Sunnmørsposten, så i Dag og Tid, Bergens Tidende og Nynorsk Pressekontor. Han har skrive ni bøker, og sat som representant for Presseforbundet i Norsk Språkråd i 16 år. Han har halde ei rekkje kurs for Norsk tidsskriftforening dei siste ti åra. 

Powered by Labrador CMS