- Folkemusikk ut til heile verda

Redaktørenquete: Folkemusikk

Folkemusikk vil lage journalistikk som er verdifull også om hundre år og få digitale løysingar som gjer at dei kan bli lesne over heile verda, sier Audun Stokke Hole, redaktør i Folkemusikk.

- Kva er hovudsatsinga til din publikasjon framover?

- I løpet av våren har vi vonleg ei permanent journaliststilling i magasinet. Det blir ein revolusjon!

- Kva er du mest stolt av at din redaksjon har lykkast med dei siste åra?

- Podkasten vår, Får Du Fot, er ute med to sesongar og held vanvitig høg kvalitet. Eg er også stolt av at vi har laga så mykje god djupnejournalistikk som vi har gjort. Eg vonar og trur at mykje av dette vil ha verdi som lesarar om ti, femti og hundre år.

- Kva veit de om lesarane dykkar?

- Dei fleste lesarane abonnerer på magasinet, og dei fleste abonnentane er medlem av eigarorganisasjonen FolkOrg. Elles veit eg diverre litt for lite, då eg ikkje har klart å prioritere lesarundersøkingar.

- Korleis prioriterer tidsskriftet mellom papir og nett, og kva har endra seg med digitaliseringa?

- Papir har alltid hatt hovudprioritet, og har det framleis, men det er eit mål å gradvis tilby meir stoff på nett. Det er ein hovudgrunn til at vi skal ha på plass ein journalist snarast mogleg.

- Kva bør politikarane ta tak i på tidsskriftfeltet?

- Skal vi først ha ein raus mediepolitikk, og høge forventingar til mediefridomen, så er det veldig rart at tidsskrifta er haldne heilt utanfor. Det er dei i Noreg i dag. Mediemangfaldsutvalet i 2017 hoppa glatt over tidsskrifta, og no gir Noreg svimlande summar til forlag og aviser, medan tidsskrifta knapt merkar at det er i Noreg vi har redaksjonane våre. Eg synest ikkje noko tidsskrift skal ha 20+ millionar i offentleg stønad, slik somme dagaviser får, men på grunn av denne skeivheita ser det norske medielandskapet i dag veldig merkeleg ut.

- Kva er den største utfordringa for deg som redaktør no?

- At eg framleis er åleine i jobben med å produsere tidsskrift, og økonomien. Kollapsen i økonomien til plateselskapa som er kommen med strøyminga er også alvorleg for ein musikkpublikasjon som vår. Vi har misst store annonseinntekter slik. Eg skulle også gjerne ha sleppt å vere så avhengig av kulturrådsmidlar, det er andre der ute som treng midlane meir enn oss. Tidsskrifta treng eit større mangfald av inntektskjelder.

- Kva ville du gjort med Folkemusikk om du fekk ti millionar kroner?

- Eg ville ha sett opp eit ganske omfattande rekneark for korleis disponere desse pengane, men eg får skissere ein kortversjon. Eg ville brukt eit par millionar på ei ny nettside med betalingsmur, marknadens beste automatomsetjing så Folkemusikks stoff kan lesast på alle dei største språka i verda, og eit komplett foto- og bladarkiv – vi jo har eksistert sidan 1940-talet. Når denne digitale infrastrukturen var moden, ville eg ha lagt han ut for sal til andre medium og tent meg nokre titals millionar til.

- Kva er den beste måten å marknadsføre Folkemusikk på, etter di erfaring?

- Eg trur den beste reklamen for tidsskriftet er tidsskriftet sjølv. Å legge det ut gratis på relevante arrangement og plassar. Bladslepp! Og andre høve til å selje og reklamere direkte til lesarane. Ting som ikkje kostar ein formue, men som tek tid for redaksjonen.

Powered by Labrador CMS