Redaktørenquete: Syn og Segn

Stolt av spennande skribentar og gode tekstar

Tidsskrift er ein arena for fordjuping og refleksjon. Og om ein ser på korleis det står til med samfunnsdebatten på Twitter og med lesekunnskapane hos dei unge, er det lett å slå fast at det er akkurat dette samfunnet vårt treng meir av, skriv Astrid Sverresdotter Dypvik, redaktør i Syn og Segn.

- Kva er hovudsatsinga til Syn og Segn framover?

- Hovudsatsinga er eigentleg å halde fram som før, med å lage eit leseverdig ålmennkulturelt tidsskrift på nynorsk. Dei siste åra har vi trykt mange tekster om det fleirkulturelle samfunnet og om klima. Dette er vanskelege, og viktige samfunnsspørsmål som vi også kjem til å bruke mykje tid på framover. I det kommande året skal vi også trykke tekstar om tryggingspolitikk, tradisjonshandverk og om språksituasjonen i landet vårt. Vi kjem også til å satse spesielt på å rekruttere nye skribentar.

- Kva er du mest stolt av at din redaksjon har lykkast med dei siste åra?

- Eg er veldig stolt over å ha sett på trykk så mange nye spennande skribentar og så gode tekstar. Diktet Kvit, norsk mann av Brynjulf Jung Tjønn vart publisert første gong i Syn og Segn. Det var eit dikt han hadde jobba lenge med, men eigentleg lagt litt bort. Då det kom på trykk hos oss fekk han så mange tilbakemeldingar at han fekk ny energi inn i arbeidet. Og så vart boka med same tittel til eit av fjorårets verkelege knallsuksessar. Det er jo slikt tidsskrift er til for. Og det er viktig for meg å framheve dette nettopp for å vise at det å kome på trykk i Syn og Segn kan vere svært positivt for skribenten. Eg er også stolt over at vi har klart å få så mange ulike personar med ulik bakgrunn til å skrive for oss.

- Kva veit de om lesarane dykkar?

- Dei har ofte ein heil del utdanning og romsleg økonomi. Mange er veldig glade i nynorsk, og dei bur over heile landet. Men, og dette tenkjer eg mykje på, det er for få av dei. Vi treng rett og slett fleire lesarar.

- Korleis prioriterer tidsskriftet mellom papir og nett, og kva har endra seg med digitaliseringa?

- Vi gir ut fire utgåver på papir i året. Det er vårt primærprodukt, for å seie det slik. Det er det vi brukar mest arbeidstid og pengar på, og det er det abonnentane betaler for. Som redaktør har eg også fått på plass ei ny nettside der vi publiserer nokre av sakene frå tidsskriftet. Vi passar også på å vere til stades på sosiale medium. Det som har endra seg mykje dei siste år er jo måten vi brukar nettet på. For oss er det viktig å vere til stades på nett, både for å møte nye lesarar og for å minne våre gamle lesarar om at vi finst. Eg leitar heile tida etter måtar å bruke nettet på som fungerer for oss, med dei små ressursane vi har. Det er ikkje heilt lett.

- Kva bør politikarane ta tak i på tidsskriftfeltet?

- Dei burde sørgje for at vi får meir pengar, anten gjennom Kulturrådet si ordning for tidsskrift og kritikk eller på anna vis. Dei aller fleste tidsskrifta er små og driv med svært avgrensa ressursar, og vi trykker tekstar frå ein heil bråte med ekstremt dyktige skribentar. Å gje mange pengar til tidsskrift er ein ubyråkratisk og enkel måte å gi pengar til aktive kulturutøvarar og interessant samfunnsdebatt på. Ein av grunnane til at eg blir så irritert når eg les om lønsfest hos leiarar og mellomleiarar i statlege verksemder, er at eg tenkjer på kor mykje meir vi i tidsskrifta kunne ha fått ut av desse skattepengane. Tidsskrift er jo ein arena for fordjuping og refleksjon. Og om ein ser på korleis det står til med samfunnsdebatten på Twitter og med lesekunnskapane hos dei som er unge i dag, er det lett å slå fast at det er akkurat dette samfunnet vårt treng meir av.

- Kva er den største utfordringa for deg som redaktør no?

- Då eg byrja i jobben tenkte eg at det vanskelegaste er å få tak i nok gode folk til å skrive. Men det har heldigvis vist seg at det er mange talentfulle folk som vil skrive for oss. Det er eg glad for. Det er ei vanskeleg tid, med stigande prisar både for porto og papir, og den som arbeider med å selje abonnement til eit nynorsk tidsskrift jobbar ikkje akkurat i medvind. Den største utfordringa er å sørgje for at både eigaren vår, Det Norske Samlaget, og lesarane har trua på tidsskriftet.

- Kva ville du gjort med Syn og Segn om du fekk ti millionar kroner?

- Sett i gang fleire store skriveprosjekt, gjerne artikkelseriar som kan publiserast som føljetongar i tidsskriftet. Eg ville ha brukt meir pengar på foto og illustrasjonar, og sparka i gang ein stor kampanje for å skaffe fleire abonnentar. Eg ville nok også ha tilsett ein redaksjonssekretær. I dag er eg den einaste tilsette.

Powered by Labrador CMS