Redaktørenquete: Norsk Barneblad

- Satsar på nyfikne barn

- Vi skriv om det vi sjølve er interesserte i, på ein måte vi trur barn også finn interessant. Tema spenner frå frø, piratar, livet under vatn, dinosaurar, demokrati, USA, teikneseriar, romfart og mykje anna, seier Nana Rise-Lynum, redaktør i Norsk Barneblad. Sidan barn blir ungdom raskare enn før, er fornying og utskiftinga av abonnentar krevjande.

- Kva er hovudsatsinga til Norsk Barneblad framover?

- Vi satsar på å overleve. Halde den kvaliteten vi har og overleve nok eitt år. Så enkelt og så vanskeleg.

- Kva er du mest stolt av at din redaksjon har lykkast med dei siste åra?

- Norsk Barneblad er frå 1887 og det er umåteleg viktig for oss å framstå som moderne og relevante, som det heiter. Det synest eg at vi har lukkast med. Dei siste åra har vi lagt om, slik at bladet har fått eit større format med meir temabasert innhald. Vi skriv om det vi sjølve er interesserte i, på ein måte vi trur barn også finn interessant. Vi tar lesarane våre på alvor. Type tema spenner frå frø, piratar, livet under vatn, dinosaurar, demokrati, USA, teikneseriar og forteljartradisjon, astronomi, romfart og mykje anna. I 2021 fekk vi pris for god design. Det er vi stolte av. Det ligg mykje arbeid bak kvar utgåve.

- Kva veit de om lesarane dykkar?

- Lesarane våre er jenter og gutar frå 6 år og oppover. Kjernelesarane er rundt 11 år. Norsk Barneblad er på nynorsk og difor er det naturleg at vi har flest lesarar i «nynorskland», men ser at det aukar veldig i «bokmålsområda» også. Skular på Austlandet har auka i abonnement på klassesett. Årsaka er temautvalet, som lærarane fortel passar godt i undervisninga. Foreldre, besteforeldre og anna slekt kjøper også bladet til «sine» barn som bur utanfor nynorskens kjerneområde. Det tenker vi er bra. Det er viktig at barn som ikkje har nynorsk som sitt skriftspråk, får eit naturleg forhald til språket og ikkje oppfattar det som verken vanskeleg eller rart.

- Korleis prioriterer Norsk Barneblad mellom papir og nett, og kva har endra seg med digitaliseringa?

Under koronapandemien var det mange som etterspurde ei nettutgåve av Norsk Barneblad. Så i 2022 laga vi bladet i digitalutgåve, i tillegg til på papir til abonnentane. Det var kostnads- og arbeidskrevjande, og ga lite utteljing. Vi la det faktisk ned igjen i februar i år. Når alt kom til alt, ville foreldre og lærarar helst ha bladet på papir likevel. Mange er skeptiske til endå meir skjermbruk blant dei minste.

- Kva bør politikarane ta tak i på tidsskriftfeltet?

- Å sikre økonomien til tidsskrifta er viktigast no. Gje Kulturrådet meir pengar til feltet. Med auka kostnadar på alle felt, løn og honorar, papirkostnader, trykkekostnader og distribusjonskostnader, blir det nesten umogleg å drive utan stadig større underskot. Vi som er «gamle i gamet» lengtar også tilbake til tida med postens bladporto som sikra rimelegare distribusjon enn det vi får i dag.

- Kva er den største utfordringa for deg som redaktør no?

Økonomien er den største utfordringa. Så kjem ein stadig kortarte barndom. Tidlegare var du barn frå du var 7 til 14 år, men no er du ungdom når du er 11 år. Vi må heile tida erstatte lesarar med nye. Det er arbeidskrevjande og dyrt, for turnoveren i lesarmassen er rask og omfattande.

- Kva ville du gjort med Norsk Barneblad om du fekk ti millionar kroner?

Laga eit endå betre blad. Utvida sidetalet frå 32 til 48. Marknadsført bladet meir enn vi kan i dag.

Powered by Labrador CMS