Journalistiske kurs våren 2022

Publisert

Kronikken

Tid: 21. april kl. 9.00 – 16.00
Stad: Litteraturhuset i Oslo, Kverneland

Kronikken har høg status, og er ofte godt lesestoff. På dette kurset ser vi på korleis du kan skrive ein kronikk. Vi tar for oss:

•             Ulike typar kronikkar
•             Oppbygging og dramaturgi
•             Om å kome godt i gang – tittel og anslag
•             Kva er fornuftig lengde på kronikken
•             Tilpassing til lesargruppa
•             Setningar og språk

Innan 8. april skal du ha sendt inn ein ferdig kronikk eller eit utkast. Vi går så gjennom dei på kurset og vurderer.

 Heildags kurs kr. 1000 – 12 plasser

PÅMELDING OG BETALING TIL "KRONIKKEN" HER

Portrettet i tidsskrift

Tid: 4. og 31. mai kl. 9.00 – 16.00
Stad: Litteraturhuset i Oslo, Kverneland

Mange forvekslar portrett med lange intervju, men det treng slett ikkje vere det same. For at noko skal kvalifisere som portrett krev vi litt meir enn lange spørsmål-svar-sekvensar. Nøkkelen er å gjere intervjuet til ein reportasje om ein person, og då må vi ta i bruk fleire verkemiddel enn opptaksutstyr. På dette kurset går vi gjennom dei metodane du treng for å lage eit fullverdig portrett. Vi ser mellom anna på dette:

•             Førehandsresearch
•             Førebuing av spørsmål
•             Observasjonsteknikkar
•             Scener
•             Det faglege og det personlege
•             Forskjellen på meiningar og refleksjonar
•             Forteljarstemma
•             Sitatbruk
•             Dramaturgi, oppbygging
•             Stil og språk

Kurset er delt i to. Den første gongen bruker vi tida på punkta over, pluss at vi ser på intervju som er publiserte. Til neste gong skal du ha skrive eit portrettintervju eller eit utkast, og så går vi gjennom det på kurset.

Kurs over to heile dagar kr. 1500 – 12 plasser

PÅMELDING OG BETALING TIL "PORTRETTET" HER

Powered by Labrador CMS