Redaktørenguete: Bok & bibliotek

- Blir stolt når stoffet lever vidare

- Eg blir nok mest stolt når eg ser innlegg som eg har røkta fram eller skrive, leva vidare i bibliotekmiljøet, bli referert til og diskutert. Biblioteka og det dei står for er noko av armeringsjarnet i den demokratiske grunnmuren. Hovudmotivasjonen min er å støtta alle norske bibliotek i å halde den solid, seier Arne Olav Hageberg, redaktør i Bok & bibliotek.

- Kva er hovudsatsinga til Bok & bibliotek framover?

- Å auka det digitale nærværet og bli meir synleg som uavhengig kanal for nyhende og innsikt om heile biblioteksektoren. Det er slik det står formulert i strategidokumentet for 2023–2024. Sagt med mindre oppstylta språk betyr vel det noko slikt som å bli betre på nett og i sosiale medium, og å få ei likare fordeling av stoff om alle bibliotekfelta vi er sette til å dekka. Det er skulebibliotek, folkebibliotek, fag- og forskingsbibliotek, bibliotek på vidaregåande skular og spesialbibliotek. Balansen har ikkje alltid vore så god, men den kjem seg no.

- Kva er du mest stolt av at din redaksjon har lykkast med dei siste åra?

- Eg blir nok mest stolt når eg ser innlegg som eg har røkta fram eller skrive, leva vidare i bibliotekmiljøet, bli referert til og diskutert og kan hende er med å bidra til utvikling og forbetring av bibliotektenestene. Biblioteka og det dei står for er noko av armeringsjarnet i den demokratiske grunnmuren, tenkjer eg. Utan ville den smuldra veldig fort. Hovudmotivasjonen min er å støtta alle norske bibliotek i å halde den solid.

Og så er det sjølvsagt tilfredsstillande å halda eit gjennomarbeidd tidsskrift i handa og sjå at dei tusenvis av redaksjonelle, tekstlege og estetiske vurderingane og mikroavgjerdene står seg. Kan hende hadde du fått eit anna svar ein annan gong, men i dag tidleg fekk eg e-post frå ein mangeårig kritisk lesar som meinte den siste utgåva var steike bra, med kvalitet i alle ledd, innbydande layout og meir allsidig innhald enn nokon gong. Då tenkjer eg det er lov å vera litt stolt.

- Kva veit de om lesarane til Bok & bibliotek?

- Eg møter dei heile tida, og har gode representantar for dei i redaksjonsrådet mitt. Då eg byrja i jobben for halvtanna år sidan, bestemte eg meg for å reisa jamleg på konferansar og ulike bibliotekmøte, ikkje nødvendigvis for å skriva og rapportera så mykje frå dei, men for å bli kjent med lesarane og rekruttera nye bidragsytarar.

Oppsummert kan ein seia at Bok & bibliotek har draumelesarane. Dei elskar papir, litteratur og tekst, og mange er svært samfunnsengasjerte. Når det er sagt, så veit vi også at majoriteten av dei er ganske dårlege på å stå fram med meiningane sine i spaltene. Heile tida møter eg bibliotekfolk som er så kunnskapsrike og kloke når dei snakkar, men som ikkje er villige til å få ting på prent.

Vi hadde ei lesarundersøking for to år sidan og skal ha ei ny i vår. Den gjev også verdifull innsikt, både om demografi og lesevanar.

Eit konkret mål i strategien er å få minst eitt debattinnlegg på trykk i riksdekkande medium kvart halvår. Så langt har eg lukkast.

- Kva er den beste måten å marknadsføre tidsskriftet på, etter dykkar erfaring?

- Å vera i kontakt med folk og rekruttera nye skribentar og ambassadørar. Kjelder og bidragsytarar som opplever seg godt behandla og lytta til, kan få hjarte for bladet, referera til det, dela saker og dra det fram i relevante samanhengar. Eit fagblad som oss har aller mest å vinna på å få eit godt ry i miljøet, trur eg. Men dette tek sjølvsagt lang tid.

Eg tenkjer at marknadsføring av tidsskrift handlar like mykje om å bli lesen og koma høgt i medvitet til dei som allereie er abonnentar, som å få nye. Men dette er vanskeleg å måla på kort sikt.

Og så har eg også eit enkelt svar, og det er Facebook. Alt som kjem på nett må også delast der, då doblar vi trafikken. Nyhendebrev er også viktig. Det er tydeleg at det skapar lesnad, men igjen er det berre nett-trafikk som er råd å måla.

Eit litt meir tunga-i-kinnet-svar er at den beste marknadsføringa er å laga godt stoff. I ein redaksjon utan marknadsressursar trur eg dette er viktig å hugsa på. Arbeid for og med den gode saka eller teksten er aldri fånyttes. Dette gjev større sjanse til å bli sitert og delt og kanskje få omtale i andre medium. Det å vera først med ei sak som andre plukkar opp, er kanskje den aller beste marknadsføringa. Eit konkret mål er å få minst eitt debattinnlegg på trykk i riksdekkande medium kvart halvår, og så langt har eg lukkast. Dette trur eg også har verdi.

- Korleis prioriterer de mellom papir og nett, og kva har endra seg med digitaliseringa?

- Eg tenkjer at papir og nett er like viktige, og utfyller kvarandre. På nett kan vi publisera sakene som må koma ut kjapt, som debattinnlegg og nyhende, i tillegg til å få meir merksemd ved å republisera saker frå papirutgåva. Bok & bibliotek har på nokre år gått frå seks-sju utgåver i året til dagens fire. Eit viktig argument for det er få tid til å jobba med nettsaker. Ideelt skulle vi sjølvsagt gjort begge delar, halde på seks utgåver og samstundes auka på nett, men det har vi ikkje folk nok til.

Eg veit ikkje om eg er den rette til å svara på kva som har endra seg med digitaliseringa, i og med at eg ikkje har hatt jobben så lenge, men det er ekstremt mykje enklare og billigare å publisera på nett enn på papir. Samstundes er det annonseinntekter også på nett. Og vi har høve til å nå lenger ut og enkelt få deling av saker og bli ein del av den offentlege samtalen.

Bok & bibliotek har draumelesarane. Dei elskar papir, litteratur og tekst, og mange av dei er svært samfunnsengasjerte. Når det er sagt, så veit vi også at majoriteten av dei er ganske dårlege på å stå fram med meiningane sine i spaltene.

- Kva bør politikarane ta tak i på tidsskriftfeltet?

- Sikra betre finansiering. Kulturdirektoratet si ordning for tidsskrift og kritikk er svært underfinansiert. Sett på spissen kan ein seia at mange redaktørar i dag fungerer meir som frivilligkoordinatorar enn som arbeidsgjevarar. Meir pengar til tidsskrift og kritikk er også treffsikkert underhald til mange svært nøysame og høgt presterande arbeidstakarar som kritikarar, illustratørar, fotografar, frilansjournalistar etc. 

Eg ønskjer meg også ein meir heilskapleg mediepolitikk som opprettheld fleire kompetansemiljø utvidar mangfaldet av perspektiv. Rundt 80 prosent av norske medium er i dag eigd av konsern. Kan henda er ikkje dette så ille for meiningsmangfaldet i kvar publikasjon. Det finst fersk forsking som viser at konserneigde aviser har størst meiningsmangfald. Det er jo berre å lesa Klassekampen og Aftenposten, så skjønar ein at dette kan stemma. Men desse eigarane er og blir kommersielle aktørar som kjøper opp, konsoliderer og hentar ut stordriftfordelar. Eg har inga tru på at dette blir den gongen i verdshistoria då færre og større eigarar ikkje også betyr meir einsretting og mindre kreativitet og mangfald. Eg heiar på alle gode redaksjonar, ikkje minst i lokalaviser. Men eg meiner likevel at tidsskrifta burde hatt ein større del av kaka, og at kaka burde vore noko større.

Bok & bibliotek har også ein podkast. Det er ikkje enormt med lytting der, men eg trur faktisk den har ein del å seia for imagen til denne rundt hundre år gamle blekka. Podkast er schmø.

- Kva er den største utfordringa for deg som redaktør no?

- Tid. Det er utømeleg med saker som burde vore skrive, og eg er så heldig å ha ei god grunnfinansiering, så økonomisk går det greitt. Men tid får eg aldri nok av. Hadde vi vore to hadde vi jo hatt dobbelt så mykje tid.

- Kva ville du gjort med Bok & bibliotek om du fekk ti millionar kroner?

- Oi! Gøy! Då ville eg tilsett folk og bygd ein redaksjon med høg journalistisk kompetanse. I dag er eg den einaste fast tilsette, og det er veldig avgrensa kva eg rekk og kva eg har god kompetanse på. Ein kvar profesjon fortener eit redaktørstyrt medium som kjenner feltet og granskar, grev og rapporterer. Om eg får ti millionar lovar eg minst ei saftig avsløring frå bibliotekfeltet kvart år. Eg prøver uansett, sjølvsagt, men skulle gjerne hatt meir hardskodd journalistkompetanse innomhus.

https://www.bokogbibliotek.no/

Powered by Labrador CMS