Redaktørenquete: Samtiden

- Ta frå mediestøtta og gje til tidsskrifta

- Politikarane bør ta fem prosent frå mediestøtta som Medietilsynet forvaltar og gje dei rundt 20 millionane til tidsskrifta. Fleire aviser er tjukke i pengar og toler kutt, seier Magne Lerø, redaktør i Samtiden, som mista 850 000 kroner i støtte frå Kulturrådet.

- Kva er hovudsatsinga til Samtiden framover?

- Å publisere fleire og ulike tekstar utan å redusere kvaliteten.

- Kva er du mest stolt av at din redaksjon har lykkast med dei siste åra?

- Vi har snudd den negative utviklinga over tiår og fått fleire til å teikne abonnement.

 - Kva veit de om lesarane dykkar? 

- Alt for lite. Papirutgåva står framleis sterkt, men om lag 20 prosent av lesarane nøyer seg med digital tilgang.

- Kva er den beste måten å marknadsføre tidsskriftet på, etter dykkar erfaring? 

- Å publisere gode tekstar som blir fanga opp i google-søk og i sosiale medier.

- Papirutgåva står framleis sterkt, men om lag 20 prosent av lesarane nøyer seg med digital tilgang.

- Korleis prioriterer Samtiden mellom papir og nett, og kva har endra seg med digitaliseringa?

- Vi har utvida frå fire til seks papirutgåver og publiserte i fjor i tillegg 1500 korte og lange tekstar på nettsida.

- Kva bør politikarane ta tak i på tidsskriftfeltet? 

- Ingen ting, viss ikkje Kulturrådet vil lage opne og forståelege kriterier for støtte til tidskrift. Kulturrådet bør forstå at politikarane ikkje vil bruke meir pengar på ei ordning som råkar utgivarar så tilfeldig som i dag.

Blir det laga skikkelege kriterier, bør dei ta fem prosent frå den samla mediestøtta som Medietilsynet forvaltar og gje dei rundt 20 millionane til tidsskrifta. Fleire aviser er tjukke i pengar og toler kutt. I fjor auka dei støtta til Morgenbladet frå 11 millionar til 22 millionar, endå dei frå 2020 til 2022 gjekk med 24 millionar i overskot og har 43 millionar i eigenkapital.

- Kulturrådet bør forstå at politikarane ikkje vil bruke meir pengar på ei ordning som råkar utgivarar så tilfeldig som i dag.

- Kva er den største utfordringa for deg som redaktør no? 

- I 2021 publiserte Samtiden 70 tekstar, i 2023 publiserte vi 1699. Av desse er 714 skrivne av våre journalistar, i tillegg til har vi publisert 80 kommentarar og 85 essay, dei fleste av eksterne skribentar. Resten er notisar og NTB-saker frå kulturlivet.

Når Kulturrådet svarer på denne satsinga med å ta frå oss 850 000 kroner i støtte, vil eg engasjere meg for at dei skal ta til vitet, slik at ikkje Samtiden bli lagt ned etter 134 år. 

- Kva ville du gjort med Samtiden om du fekk ti millionar kroner?

- Eg ville utvida til 12 papirutgåver, tilsett fem journalistar og sett av tre millionar kroner til skribentar som vil skrive essay om det som rører seg i samtida og i kulturlivet.

https://samtiden.no/

Powered by Labrador CMS