Prosa 2/22

Vårutgåva av Prosa rettar blikket mot ein sakprosakategori som er like gamal som han er aktuell, nemleg biografien. 

Marianne Egeland skriv om det tidsavhengige ved å lese sjølvbiografiar skrivne av overlevande frå konsentrasjonsleirane, og korleis desse forteljingane etter kvart utvikla seg til ein spesiell sjanger med eigne normer.

I leiaren skriv redaktør Merete Røsvik om (sjølv)biografisjangerens vedvarande og samtidig omskiftelege aktualitet. Ho peikar også på korleis sjølvbiografiar har dominert mellom vinnarane av Kritikarprisen for beste sakprosa dei siste åra, og oppmodar juryen om å ha blikk for breidda i sakprosafeltet i framtidige utdelingar.

Nicolay B. Johansen spør kvar det vart av bøkene om narkomane lagnader, og ser på utlevering, sjølvutlevering og dramaturgi i desse «narkobiografiane».

Kaja Schjerven Mollerin har teke for seg tre bøker frå Mímir Kristjánssons forfattarskap, og skriv at han er mellom dei forfattarane som viser kor frigjerande det kan vere å omfamne ikkje-nøytraliteten.

Kenneth Moe skriv i eit personleg essay om den kontinuerlege nær-nøden-opplevinga det er å leve av skriving, og korleis skrivinga og nøden påverkar kvarandre. Stian M. Landgaard spør kor langt ein omsetjar kan gå i å gjere fortidas tekstar forståelege for dagens lesarar.

 

I kritikkseksjonen:

Thomas V.H Hagen om Tore Rem: Olav V. Den fremmede 1903–1940 og Olav V. Krigeren 1940–1945

Øivind Klungseth Zahlsen om Giorgio Vasari: Kunstnernes liv

Johanne Elster Hanson om Leif Ekle: Olgas bok. Et stille liv i arbeiderklassen

Aasne Jordheim om Zett filmtidsskrift

 

Og dessutan:

I spalten Sakprosa i verda skriv Øyvind Strømmen om kontroversane kring boka Hvem forrådte Anne Frank?, som no er trekt for godt av det nederlandske forlaget. Vitskapshistorikar Vidar Enebakk fortel i spalten Nøtta og kjelda om den ferske biografien sin om astronom og magnetismeforskar Christopher Hansteen, og korleis Hansteens vitskaplege ettermæle har endra seg med tida. På debattsidene svarar Simen Sætre og Merete Røsvik på Bernhard Ellefsens tidlegare innlegg i «kunnskapstjuveri»-debatten om Hugo Lauritz Jenssens bok En samisk verdenshistorie.

 

Framsideillustrasjonen er laga av Egil Nyhus.

 

For meir informasjon, kontakt redaktør Merete Røsvik, mobil: 47 02 88 19

Museumsnytt arrangerer debatt 11. oktober: Hva skjer med Nasjonalmusset? Det nye Nasjonalmuseet er åpnet, og den viktigste kunstsamlingen i Norge er igjen tilgjengelig for publikum. Endelig! Men tilbake på Tullinløkka står det gamle, ærverdige Nasjonalgalleriet tomt. Hva skal vi gjøre med det?

Se info og program her.

Ute nå

Du kan bl.a. lese om dette: Fastleger med omstillingsevne. Fastlegenes evne til omstilling var viktig da koronapandemien var på sitt verste. Dette kommer frem i en fokusgruppestudie med 19 fastleger i Innlandet fylke. Legene opplevde at deres ansvar ble utvidet fra å gjelde egne listepasienter til å omfatte hele befolkningen. De så seg selv som en viktig del av kommunens helseberedskap.

Ønsker du kursinfo fra Tidsskriftforeningen?

Da kan du registrere deg her og få tilsendt informasjon om alle kurs vi arrangerer.

Fikk du ikke med deg alt? Se Tidsskriftdagen på Youtube!

Alle tidsskrift skal ha ISSN-nummer. ISSN-nummeret brukes til å identifisere tidsskriftet, og er det samme uansett årgang og utgavenummer.

Les mer her.

Ønsker du å låne kontoret?

Medlemstidsskriftene kan låne kontoret vårt i 4. etasje på Litteraturhuset i Oslo, fortrinnsvis etter kl 15. Trenger du det på dagtid, kan det som regel ordnes.

Send e-post til  post@tidsskriftforeningen.no for spørsmål/reservasjon.

Developed by Aplia - Powered by eZ Publish - Informasjonskapsler