Prosa 1/22

Spørsmål om ytringsfridom og debattklima var sentrale i 2021 og det er ingen teikn på at dei vil bli mindre viktige framover. 

Gro Jørstad Nilsen har lese seks sakprosabøker frå 2021 som på ulike måtar får fram korleis demokratiske ideal blir utfordra i vår tid, og korleis dette heng saman med den digitale offentlege samtalen. Ho finn at når digitale mikrosamfunn legg vekk demokratiske ideal, er vegen kort til totalitær einsretting.

 

I leiaren tar redaktør Merete Røsvik utgangspunkt i to aktuelle bøker: Lisa Eshole Knudsens Det er personlig - om rasisme og ytringsfrihet og Øyvind Kvalnes' Filosofisk førstehjelp. Begge oppfordrar deltakarar i den offentlege samtalen til å lytte til andres erfaringar, og Røsvik skriv at det å slik opne for fleire perspektiv enn sitt eige kan vere ein betre veg mot balanserte vurderingar enn teoretisk utforsking av ulike argumentasjonar. 

 

I påvente av rapporten frå Ytringsfrihetskommisjonen har Morten Harper lese fleire bøker om ytringsfridom og kvar dei juridiske grensene for ytringsfridomen går. Han konkluderer med at menneskerettane må vere utgangspunktet for prinsipielle debattar om ytringsfridom.

 

Frode Molven kommenterer debatten om referansar og kjeldebruk i sakprosa i eit essay om førestillingsevne og nysgjerrig engasjement i skriveprosessen. Han etterlyser medvit om at sakprosa er meir enn berre «sak», og at målet må vere ei heilskapleg form som aldri vil kunne dekkast fullt ut av sjekklister og referansar.

 

Alf Kjetil Igland ser etter utviklingstendensar i det store landskapet av biografiar som ligg utanfor politikarbiografiane, og Margit Ims skriv om opninga av Vinjesenteret og kva funksjon det kan få i det nasjonale litterære landskapet.

 

I kritikkseksjonen kan du lese:

 

Margit Ims om Arnfinn Åslund, Peter Fjågesund, Kristian Hanto, Sveinung Nordstoga og Johan M. Staxrud (red.): Tvisyn, innsyn, utsyn. Nærblikk på A. O. Vinje   

Jon Reitan om Synne Corell: Likvidasjonen. Historien om holocaust i Norge og jakten på jødenes eiendom

Sindre Hovdenakk om Erik Rudeng: Morgenbladet. En historie for seg

Egon Låstad om Shilan Ahmadian, Camilla Bruu Næsmo og Ingeborg Aspfors-Sveen: Fortellinger om flukt og Kristina Quintano Budbringeren fra Helvete – tjue år med vitnesbyrd fra Middelhavet

Varg Lukas Folkman om Line Norman Hjorth: Troverdighet i rettssalen: Kampen om fortellingene

 

I tillegg:

Erle Marie Sørheim og Berit Rusten har signert ei nylesing av Arne Taraldsens teikneserie A/S Lys og luft. En profitørs saga og litt av hvert fra Hjemmefronten frå 1946 med notidas briller. I tidsskriftturneen er Aasne Jordheim komen til Norsk Shakespearetidsskrift. I spalten Nøtta og kjelda er filosof Øyvind Kvalnes intervjua og tek til orde for «skapande motstand» i offentleg debatt. Hilde Sandvik skriv om Søren Ulrik Thomsens siste essaysamling i spalten Sakprosa i Norden. 

I debattseksjonen svarar Bernhard Ellefsen på Simen Sætres essay «Tyvens historie» frå Prosa #6 2021, Håvard Friis Nilsen svarar Jon Langdal, Gunnar Skirbekk svarar på Ragnar Misje Bergems melding av boka hans Religion i moderne samfunn frå Prosa #6 2021, Anders Aschim har ei korrigering til Aasne Jordheims melding av Stille stunder og Berit Austveg tek opp bruken av illustrasjonsfoto i meldinga ho skreiv av to bøker om abort og fosterdiagnostikk i førre nummer.

Illustrasjon av Johanne Hjorthol.

Ute nå

I Tidsskriftet nr. 7/2022 kan du blant annet lese mer om dette: Mekanisk trombektomi ved hjerneinfarkt,  Covid-19-vaksinasjon blant europeiske innvandrere og at vegetar- og vegankost er sunt – med noe tilskudd

Ønsker du kursinfo fra Tidsskriftforeningen?

Da kan du registrere deg her og få tilsendt informasjon om alle kurs vi arrangerer.

Fikk du ikke med deg alt? Se Tidsskriftdagen på Youtube!

Kunsthåndverk søker redaktør

Utlysningstekst finner du her.

Alle tidsskrift skal ha ISSN-nummer. ISSN-nummeret brukes til å identifisere tidsskriftet, og er det samme uansett årgang og utgavenummer.

Les mer her.

Ønsker du å låne kontoret?

Medlemstidsskriftene kan låne kontoret vårt i 4. etasje på Litteraturhuset i Oslo, fortrinnsvis etter kl 15. Trenger du det på dagtid, kan det som regel ordnes.

Send e-post til  post@tidsskriftforeningen.no for spørsmål/reservasjon.

Developed by Aplia - Powered by eZ Publish - Informasjonskapsler