Syn og Segn 4.17

Noregs nei, samisk identitet, Homo naledi og Peer Gynt.

Etter ni år i Noreg fekk Mona Ibrahim Ahmed avslag på søknad om å bli norsk statsborgar. «Nett no kjennest det som om dei åra eg har vore i Noreg, ikkje har betydd noko som helst. Det er som om det er tom tid som berre har forsvunne.»

Les sterk samtale i Syn og Segn mellom Mona Ibrahim Ahmed og journalist og redaktør Hilde Sandvik.

Det nye heftet har fleire temaartiklar om samisk identitet og kultur. Vi spør: Forventningane til samisk kultur kan synast einsidige og baserte på gamle klisjear og førestillingar. Men stemmer forventningane med røyndomen?

Doktorgradsstipendiat Lene Liebe Delsett skriv om fossilet Homo naledi – eit nesten-menneske som har ført oss nærare sanninga om oss sjølve. Marta Norheim leitar etter naturen i litteraturen, og Sigrun Slapgard har nye tankar om Peer Gynt. Gunnstein Akselberg skriv om Martin Luther og borga og slotta som omgav han, medan Signe Nilssen forklarar alt om nye ord i norsk. Og til slutt: Jon Severud løftar dei tvisynte sin plass i samfunnet: «Tvisynet er ein eigen måte å sjå på. Det er eit sjølvblikk på eigen tankearkitektur.»

Les Syn og Segn, du også.

Ute nå

Filosofisk supplement er et studentdrevet tidsskrift for filosofi. Denne utgaven er dedisert til Immanuel Kant og hans filosofi. Tekstene er skrevet av både nåværende og tidligere studenter, samt akademikere fra inn og utland.

Ønsker du å låne kontoret?

Medlemstidsskriftene kan låne kontoret vårt i 4. etasje på Litteraturhuset i Oslo, fortrinnsvis etter kl 15. Trenger du det på dagtid, kan det som regel ordnes.

Send e-post til  post@tidsskriftforeningen.no for spørsmål/reservasjon.

Developed by Aplia - Powered by eZ Publish - Informasjonskapsler