Syn og Segn 3.18

Ekstremisme, folkemusikk, død og odelsrett: I den nye utgåva av Syn og Segn er det temasider om døden, samtale med komponist og folkemusikar Anne Hytta, tekstar om odelsrett, farskjærleik og arven etter Sovjetunionen.

HYTTEBYGGING: I 2017 har talet på hytter auka til 426 932, skriv Statistisk sentralbyrå. For mange utkantkommunar er hyttene den største og viktigaste næringa. For nokre av dei den einaste. Finst det ei grense for kor mange hytter vi kan byggje, og korleis skal vi utvikle fjellområda for komande generasjonar, spør Knut Aastad Bråten, redaktør i Syn og Segn.

 

EKSTREMISME: Nazistar marsjerer igjen i gatene i fleire europeiske land. Det vekkjer liv i eit klassisk dilemma: Kor langt skal vi gå i å tolerere grupper som vil nekte andre dei demokratiske rettane dei sjølve nyt godt av? Filosofiprofessor Kristian Skagen Ekeli meiner politiske ekstremistar bør ha rett til å ytre seg, men ikkje nødvendigvis ein rett til å stille til val.

 

SAMTALE: Folkemusikken ber med seg spor frå fortida og kan lære oss noko om kven vi er, seier hardingfelespelar og komponist Anne Hytta. – Tradisjonen er ikkje ein stiv, uformeleg grå masse, han er levande og i stadig rørsle.

 

TEMA: «Døden ropar på alle», skriv Tor Jonsson i diktet «Fossen». Kven har ikkje kjent på redselen og frykta for døden som dreg oss til seg? Like fullt som livet og kvardagane kjem til oss, ventar også døden. Ein dag er det din tur. Kva tenkjer vi om døden i dag? Kva skjer med bein og kjøt når blodet sluttar å renne i årene? Kvar blir det av sjela vår når livet er forbi, og korleis nærmar vi oss den døde frå ein arkeologisk ståstad?

 

FARSKJÆRLEIK: 21 prosent av alle samværsfedrar ser ikkje barnet sitt i løpet av ein vanleg månad, og omtrent 30 prosent av alle samværsfedrar ser borna sine berre i feriar. Kvifor blir dei motarbeidde av systemet, spør Camilla Fossum Pettersen og Ruben Alexander Pettersen.

 

ODEL TIL BESVÆR: Ein barbarisk rett. Småbondens venn, den største ulukka for det norske landbruket. Odelsretten har vore omstridd gjennom den norske historia. Kva er det som gjer at odelsretten – ein rett frå ei tid der blodsband, jord og makt var grunnprinsipp i ein samfunnsorden som for lengst er kvorven bort – framleis er viktig? spør Eirik M. Fuglestad.

 

ARVEN: Russarane var eit revolusjonært folk med ei ærerik fortid av store heltar – og imperiebygging. Men dagens russiske sovjethistorie ekskluderer Sovjetunionens opphav: revolusjonen. «Revolusjonar blir eit opprør mot legitime regime», skriv Kåre Johan Mjør. 

Ute nå

Transaktivisme og abort, arkitektur og lefsebaking. I den nye utgåva av Syn og Segn er det temasider om arkitektur og byggkvalitet, samtale om sorteringssamfunnet med barnelege Ola Didrik Saugstad, tekstar om einsemd, goth-miljøet og dei kvite flekkane i verdsrommet.

Nyheter fra Eurozine

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.