Syn og Segn 3 - 2014

Du kan mellom anna lese eit lengre intervju med ny direktør i CICERO Kristin Halvorsen, om einsemd, om lukkelege liv – utan utdanning, om folkestyret som rotnar på rot, om omsorgslønn, om kvifor nynorsk ikkje alltid er like kult, og mykje meir.

Haustutgåva av Syn og Segn er endeleg på marknaden! I den ferske utgåva kan du mellom anna lese meir om dette:

 

EMNE: Einsemd er kanskje eit av dei siste tabua i samfunnet vårt i dag og fortener derfor eit nærmare blikk. Steinar Opstad, Lars Fr.H. Svendsen og ein anonym skribent ser på einsemda frå ulike synsvinklar.

 

SAMTALEN: «Sist gong eg fylte bensin, måtte eg betale 900 kroner for ein tank. Eg tenkte: Kor er Siv Jensen no? Burde ikkje ho stå ved pumpa og skrike?» Eskil Skjeldal i samtale med ny direktør i CICERO Senter for klimaforskning, Kristin Halvorsen.

 

I OPPOSISJON: «Du har eit fagfelt og eit renommé. Gjer det deg lykkeleg?» Rakel M. Sivertsen skriv om lukkelege liv – utan utdanning.

 

LEIAR: Kvifor finst det så få sinte norske rikspolitikarar? Ekte kjensler gjev oss ekte menneske, og er eit positivt innslag i eit elles nokså temperamentslaust politisk landskap. Og det gjev ikkje minst eit ærleg bilete av verda slik verda er, skriv redaktør Knut Aastad Bråten i sin faste leiarspalte.

 

Elin Ørjasæter og Anne-Lise H. Rolland skriv om EU og EØS-avtalen som påverkar den norske lovgjevinga. Ida Habbestad har intervjua Hanne Fjerdingby Olsen om omsorgslønn. Syn og Segn presenterer òg unike Oslo-bilete frå åra 1962 til 1964 med bilettekstar av Finn Skårderud. Foto er tekne av fotografen Dan Young. Skribent A. Audhild Solberg skriv om kvifor nynorsk ikkje alltid er like kult, og Jostein Avdem Fretland filosoferer over Noreg og kunsten – sett frå London.

 

«Korleis tek vi i bruk byane – på nye måtar?», spør Guro Voss Gabrielsen i ein tekst om opne byrom. Arne Melberg skriv om å vere dobbelt framand: «Alle livsstadene mine har vore parentesar. Dei har vore rasteplassar der eg har slått meg ned ei tid for å bli kjent med noko nytt.» Sist – og ikkje minst: Fast teikneserie ved Øystein Runde.

 

Syn og Segn vart stifta av Arne Garborg i 1894 og er eit av dei eldste og mest tradisjonsrike allmennkulturelle tidsskrifta i Noreg i dag. Syn og Segn er ein aktiv premissgjevar i det breie offentlege ordskiftet – ikkje berre for det nynorske kjernepublikummet, men òg for kulturinteresserte i alle samfunnslag.

 

Ynskjer du å bestille abonnement?Gjer det no - her: SMS SYNOGSEGN + NAMN til 2080, eller sjå nettsida vår www.synogsegn.no

Ute nå

Tema for dette nummeret er Arkivlandskap i endring. Les også Arkivforbundets side: Arkivene mot falske nyheter og maktovergrep, eller ta en titt på kartet  på siste side over nye fylker f.o.m. 2020.

Ønsker du å låne kontoret?

Medlemstidsskriftene kan låne kontoret vårt i 4. etasje på Litteraturhuset i Oslo, fortrinnsvis etter kl 15. Trenger du det på dagtid, kan det som regel ordnes.

Send e-post til  post@tidsskriftforeningen.no for spørsmål/reservasjon.

Developed by Aplia - Powered by eZ Publish - Informasjonskapsler