Syn og Segn 3/16

Tema: Om tillit, stor samtale med Siri Martinsen om dyrevern og vegetarmat, ein tekst om landbruk, humor og den franske nasjonalidentiteten. Og mykje, mykje meir.

TILLIT: Korleis vil det tillitsbaserte samfunnet utvikle seg i tida framover? Stortingspresident Olemic Thommessen, kritikar Ida Habbestad, filosof og arbeidslivsforskar Helge Svare samt statsvitar Dag Wollebæk tek eit blikk på tema om tillit i dag.

 

DYREVELFERD: Siri Martinsen er leiar i NOAH – for dyrs rettigheter, og blir intervju om dyrs rettar og dyrevelferd. Ho meiner dyr og menneske erfarer likt, men ulikskapen er at menneske har verbalspråk. Martinsen er kompromisslaus: «Eg trur eg gjer som mange menneske. Eg reagerer på urett», seier ho til Syn og Segn.

 

KORRUPSJON: Fire av ti leiarar i forvaltninga seier at det er gjort forsøk på å bestikke dei. Tor Dølvik, spesialrådgjevar i Transparency International Norge, fortel om faren for korrupsjon i norske kommunar.

 

NASJONALITET: I etterkant av dei mange terroraksjonane blir Frankrike ofte framstilt som ein stad som er invadert av framande, og som har mista kontrollen over innvandrarane sine. Stemmer det? Bjørn Kvalsvik Nicolaysen skriv om den vanskelege franske nasjonalidentiteten.

 

HUMOR: Korleis bli verdas beste humorist? Tekstforfattar Dagfinn Nordbø avslørar korleis du knekker humorkodane på 1, 2, 3. I Syn og Segn.

 

JORDBRUK: har over tid etablert ein grunnleggande truskap til det etablerte kunnskapssystemet, og greier ikkje å tenkje utanfor boksen, meiner Bjørn Egil Flø i eit oppgjer med det norske jordbruket. «Me har overforbrukt knappe ressursar og konsentrert produksjonen i område der ingen skulle tru noko kunne gro.»

 

ARV: Gardar går i arv, feler og songskattar går i arv. Slektstradisjon blir overlevert, talent og gåver går vidare til neste generasjon. Og nokon tar imot denne arven, medan andre vel han bort. Janne Kausland vart fødd inn i show-verda. Spora etter far til Bjarne Haukeland er å finne over heilelandet vårt, i form av store kunstinstallasjonar i rustfritt stål. Medan Mari er merkt av ein stefar som misbrukte henne då ho var lita. Kva gjer arven frå fortida med liva våre?

 

Vite meir? Kontakt:

Knut Aastad Bråten

redaktør

Syn og Segn

www.synogsegn.no

www.facebook.no/synogsegn

907 68 797

Ute nå

Er kvinnekamp fortsatt aktuelt, 70 år etter Det annet kjønn? Gnist-redaksjonen har lest deler av Det annet kjønn av Simone de Beauvoir, og Tomine Sandal har lest hele og ser på om boka fortsatt er aktuell, 70 år etter at boka først kom ut. Gnist-samtalen denne gangen er med Linn-Elise Øhn Mehlen og Kjersti Ericsson på tema feministisk praksis.

Ute på nett nå

Shuddhashar's  Issue 16 is published and ready for you to read.  We have articles on a range of topics related to our mission -- from climate change to the Rohingya refugees, and from a devastation in Iraq to the role of politics in the arts -- to name just a few. As always, we hope you will read ideas that inspire you to think, write, and act.

Ønsker du å låne kontoret?

Medlemstidsskriftene kan låne kontoret vårt i 4. etasje på Litteraturhuset i Oslo, fortrinnsvis etter kl 15. Trenger du det på dagtid, kan det som regel ordnes.

Send e-post til  post@tidsskriftforeningen.no for spørsmål/reservasjon.

Developed by Aplia - Powered by eZ Publish - Informasjonskapsler