Syn og Segn 2/18

Irland og Polen, motstandskamp og psykiatri. I den nye utgåva er det temasider om Polen, samtale med psykolog Arnhild Lauveng, tekstar om motstandskamp og fuglesperm, kyrkjekunst og kollektivt minne. Og noko til.

Vi gjev for lite og for dårleg hjelp til dei som strevar mest. Og det er for dårleg kompetanse rundt dei med alvorleg og langvarig psykisk sjukdom, seier Arnhild Lauveng – i samtale med teolog og forfattar Eskil Skjeldal.

Polen går i feil retning, les vi i avisene. Pressefridomen er innskrenka. Utviklinga av rettsvesenet i landet har fått det til å koke i EU. Berre 0,2 prosent av befolkninga er utlendingar, og debatten om flyktningar er tidvis hatefull. Kva er den politiske retninga eit symptom på? Kva konsekvensar kan uroa føre til i tida som kjem? Jørn Holm-Hansen, Maciej Gdula, Marta Tycner, Marta B. Erdal og Jakub M. Godzimirski tek eit blikk på Polen i dag.

Uvanlege spermieceller, utruskap og kresne hoer. Du trudde kanskje at fuglar var romantiske eksempel på livslang kjærleik? Tru om att. Doktorgradsstipendiat Hanna Nyborg Støstad skriv om utsvevande fugleliv – i siste utgåve av Syn og Segn.

20 år etter Langfredagsavtalen, som sette strek over dei valdelege «The Troubles», står fleire viktige element frå fredsarbeidet i Nord-Irland på spel. Journalist Annette Groth peikar på korleis Brexit ikkje berre forsterkar konflikten, men òg gjev Storbritannia store utfordringar i forhandlingane med EU.

Under krigen stod kommunistane for det største illegale avisnettverket i landet. Kven var dei, kor heldt dei til, og korleis var dette mogleg, spør forfattar Ingeborg Solbrekken.

Ein ny generasjon latinamerikanske forfattarar vender rullesteinar for å forstå ein barndom prega av diktatur, forsvinningar og borgarkrig. Kva står att når samtidas tidevatn ebbar ut? Kan litteraturen ta vare på dei kollektive minna, spør Ole Våge.

«Det nokon kallar si eiga kunstoppleving, omtalar andre som si eiga personlege tru.» Den nye biskopen i Oslo, Kari Veiteberg, skriv om ny teologisk og kyrkjeleg interesse for estetikk, forteljingar og kunstnariske uttrykk.

Fotograf Anne-Marte Før har foreviga interiøret i tre kyrkjer, Ingvil Brügger Budal tek lesaren med på ei ordreise til opphavet til fantestrekane og rakkarungane. «Korleis skal vi forstå han», spør Hans H. Skei – i ein analyse av eit dikt av Olav H. Hauge. Og teiknaren Siri Dokken harselerer over norsk rovdyrdebatt.

Ute nå

Transaktivisme og abort, arkitektur og lefsebaking. I den nye utgåva av Syn og Segn er det temasider om arkitektur og byggkvalitet, samtale om sorteringssamfunnet med barnelege Ola Didrik Saugstad, tekstar om einsemd, goth-miljøet og dei kvite flekkane i verdsrommet.

Nyheter fra Eurozine

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.