Syn og Segn 2/17

I den nye utgåva er det temasider om sikkerheitspolitikk, samtale med den anonyme faktasjekkaren Doremus Schafer, tekstar om arktisk homokamp, fråhaldsrørsle og artsmangfald. Og mykje meir.

SIKKERHEIT: Trusselbiletet endrar seg raskare enn nokon gong. Kva slags sikkerheitspolitikk treng Europa no? Korleis ser framtidas trusselbilete ut? Bård Vegar Solhjell, Robert Mood, Svein Melby og Minda Holm tek eit blikk på sikkerheitspolitikken i Europa i dag.

 

FAKTAVAKTA: Mistilliten til media er stor om dagen, og dei få som går oss etter i saumane, slepp heller ikkje unna skepsisen. Den anonyme faktasjekkaren Doremus Schafer fortel om tilstanden i norske medium, og om eigne politiske preferansar pregar mediekritikken hans.

 

MAKT: Ein dyster framtidsoptimisme prega konklusjonane i utgreiingsdokumentet Makten og demokratiet, også kalla Maktutgreiinga, som vart presentert i 2003. Ein av utvalsmedlemmene den gongen, Fredrik Engelstad, ser nærmare på maktstrukturane i dag.

 

ARTSMANGFALD: I dag står menneska bak ei utrydding av artar i eit tempo som langt overgår ein naturleg utdøyingsrate. Biologar meiner at vi er inne i ei sjette masseutdøying. Har vi, ein art blant 9 millionar andre, moralsk rett til å frådømme andre artar deira sjølvstendige rett til å leve ut deira livspotensial, spør professor Anne Sverdrup-Thygeson.

 

FRÅHALD: «Whisky og øl er heilt greitt på sin plass, men plassen er i helvete», meinte William Ashley «Billy» Sunday. Mange trur at fråhaldsrørsla er eit særnorsk fenomen, oppfunnen av pietistar på Vestlandet. Det stemmer ikkje. Karl Egil Johansen skriv om kampen mot styggedomen, som tok til ein heilt annan stad – i USA.

 

HOMO I NORD: Då ein organisert homokamp starta i Noreg i 1950, var det i eit samfunn som både kriminaliserte likekjønna seksualitet og såg det som djupt forkasteleg. Før dette hadde knapt nokon våga heva røysta. Eitt av særs få unntak var den unge, radikale læraren Alf Martin Jæger i Nord-Troms, som skreiv om homofil kjærleik så tidleg som på 1920-talet.

 

HOTELL PÅ HELL: I ei tid då nostalgi er eit designelement, mister omgrepet all verdi. Med mindre du dreg til Bygdin Høyfjellshotell og lyttar til hjarteslaga i veggene. Skribenten Alice Gudheim tok med seg fotografen Anne-Marte Før i jakta på nostalgien.

 

Filosofen Jon Hellesnes skriv om nasjonalismen og om vi har forstått han rett. Urd Vindenes skriv om ommøblering i grammatikken, korleis han oppstår og om somme språk eller dialektar har meir grammatikk enn andre.

 

– Syn og Segn gjev deg emne, perspektiv og stemmer som du ikkje finn så ofte i andre tidsskrift. Slik er det også med denne utgåva, seier redaktør Knut Aastad Bråten – som inviterer til besøk.

– Ja, for all del: Stikk innom kontoret vårt i Valdres. Eg serverer kaffi og feite serinakaker – i tillegg til ein hyggeleg prat.

Ute nå

KULT, Vestfolds tidsskrift for kunst, kultur- og samfunsspørsmål reiser seg som en Fugl Fønix. Med nye krefter og i ny drakt vil tidsskriftet bidra til at viktige kultur- og samfunnsspørsmål blir belyst og diskutert.

Kalender

 

15.00-17.00 17. august 2017

TFs kontor, Litteraturhuset

16.00-20.00 6. september 2017

Litteraturhuset Oslo, Kverneland

16.00-16.00 14. september 2017

Litteraturhuset Oslo, Kverneland

16.00-20.00 9. oktober 2017

Litteraturhuset Oslo, Kverneland

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.