Sommarutgåva av Syn og Segn er endeleg på marknaden!
Sommarutgåva av Syn og Segn er endeleg på marknaden!
Syn og Segn vart stifta av Arne Garborg i 1894 og er eit av dei eldste og mest tradisjonsrike allmennkulturelle tidsskrifta i Noreg i dag. Syn og Segn er ein aktiv premissgjevar i det breie offentlege ordskiftet – ikkje berre for det nynorske kjernepublikummet, men òg for kulturinteresserte i alle samfunnslag.
Innhaldet i Syn og Segn ser slik ut:
LEIAR: Kvifor er vi så opptekne av å plassere kvarandre i fastlåste båsar, spør redaktør Knut Aastad Bråten. «Samfunnet – og samfunnsdebatten – blir føreseieleg og kjedeleg om vi stadig leitar etter spor og trekk hjå meiningsmotstandaren som kan stadfeste våre eigne klisjear og stereotype førestillingar. Det reduserer fridomen til kvar einskild, fridomen kvar og ein av oss har til å sjølv å definere vårt eige liv.»
SAMTALE: «Eg legg vekt på omstilling av olje- og gassnæringa, ikkje å dømme ho til døden.» Administrerande direktør i Norsk olje & gass, Gro Brækken, peiker på ansvar og etiske vurderingar i utviklinga av den norske olje- og gassnæringa.
EMNE: Sjeldan har interessa for norsk jordbruk og jordbrukspolitikk vore større enn i dag. Likevel har han ord på seg for å vere vanskeleg, utilgjengeleg og for spesielt interesserte. Kvifor har det blitt slik? Og kor står norsk jordbruk eigentleg – i dag? Kan jordbrukspolitikken endrast? Svenn Arne Lie, Bjørn Egil Flø og Solveig Bratteng Rønning skriv om utfordringane i landbruket.
I OPPOSISJON: Kven representerer motkultur og opposisjon til rådande levemåtar, tankesett og menneskesyn i Noreg i dag? «Det er viktig å vere annleis. Viktigast for dei som ikkje er det.» Torstein Lerhol om kropp og funksjonshemming.
UTLAND:Fattigdom og korrupsjon. Etniske konfliktar. Svake demokratiske tradisjonar. Korleis ser så folk sjølv på framtida – i eit land med så mange problem? Syn og Segn og skribent Jon Kværne rettar blikket utover. Denne gongen: Kosovo.
FRIE TEKSTAR: Bloggar Suzanne Aabel skriv om sexlysta som forsvann då ho vart gravid, Terje Emberland og Kjetil Braut Simonsen skriv om antisemittismen i Bonde-Noreg i 20- og 30-åra, medan Ruth Hemstad skriv om den britiske debatten om Noreg i åra før 1814.
DIKTET: Solveig Mette Tjeltveit
TILRÅDINGA: Nicholas H. Møllerhaug tilrår fire opplevingar med eit kolonialistisk sus: Opera i ørkenen og amerikansk pønkrock. Høgfjell og lågfjell. India, Wales, Berlin og New Mexico.
Fast teikneserie ved Øystein Runde
Meir om tidsskriftet finn du på www.synogsegn.no
Filosofisk supplement er et studentdrevet tidsskrift for filosofi. Denne utgaven er dedisert til Immanuel Kant og hans filosofi. Tekstene er skrevet av både nåværende og tidligere studenter, samt akademikere fra inn og utland.
Tema for dette nummeret er Arkivlandskap i endring. Les også Arkivforbundets side: Arkivene mot falske nyheter og maktovergrep, eller ta en titt på kartet på siste side over nye fylker f.o.m. 2020.
Mellom #2/2019 tar opp tematikken unge og lovande i omsetting, og presenterer ferske omsettingar frå ferske omsettarar!
STEMMER nr. 2 2019 presenterer resultatet av årets tekstkonkurransen med tema «2084». Vi har også flere andre bidrag om klima og miljø i dette nummeret, våre faste spalter om språk og oversettelse og flere nye litterære stemmer. Blant annet hyller vi en kulturdronning - bibliotekar og skribent Marit Hallen (1962 – 2018).
Tema Tid. Les bl.a.: Felles nåtid, intervju med Anders Johansen, Jakten på syndfloden og tidens begynnelse. Musikk, foto, lyrikk og mye mer.
Er kvinnekamp fortsatt aktuelt, 70 år etter Det annet kjønn? Gnist-redaksjonen har lest deler av Det annet kjønn av Simone de Beauvoir, og Tomine Sandal har lest hele og ser på om boka fortsatt er aktuell, 70 år etter at boka først kom ut. Gnist-samtalen denne gangen er med Linn-Elise Øhn Mehlen og Kjersti Ericsson på tema feministisk praksis.
Shuddhashar's Issue 16 is published and ready for you to read. We have articles on a range of topics related to our mission -- from climate change to the Rohingya refugees, and from a devastation in Iraq to the role of politics in the arts -- to name just a few. As always, we hope you will read ideas that inspire you to think, write, and act.
Les om: «Astrup – Flammen over Jølster», Den vesle vampyren, Steven Spielbergs «West Side Story» er ferdig med opptakene, ny «Terminator: Dark Fate»-trailer avslører ny vri på serien – og mye mer!
Islands president, landbruk, massevald og ei tjueårskrise. I den nye utgåva av Syn og Segn er det ein stor samtale med Islands president, Guðni Jóhannesson, temaartiklar om norsk landbruk, tekstar om ungdomskriminalitet, om Alta-saka 40 år etter, om norsk – eit sjeldsynt språk, og mykje, mykje meir.
Filosofisk supplement sitt nyeste nummer, Arendt (#3-4/2019), er nå på plass hos abonnenter og i butikkene! Dette er vårt lengste nummer hittil, samt vårt aller første dobbeltnummer, men det koster bare 65 kr, altså like mye som våre enkeltnumre.
Siste nummer av Albertine, Sexarbeid og migrasjon, er nå tilgjengelig.
Medlemstidsskriftene kan låne kontoret vårt i 4. etasje på Litteraturhuset i Oslo, fortrinnsvis etter kl 15. Trenger du det på dagtid, kan det som regel ordnes.
Send e-post til post@tidsskriftforeningen.no for spørsmål/reservasjon.