Syn og Segn 1/18

Syn og Segn har levert sakprosa i 123 år og fornyar seg stadig. I den nye utgåva er det temasider om barnevern, samtale med filosof Helge Svare om mannskultur i krise, frie tekstar om homofile menn i litteraturen, abort, allmenningane, språk og ballett.

Nettet kryr av mannsgrupper med menn som kjenner seg overkøyrde av kvinna og den såkalla vaginal-staten. #metoo har gitt kvinna eit språk og tatt ifrå mannen eit anna språk. Les samtale i siste utgåve mellom forfattar Bergljot Kaslegard og filosof Helge Svare.

 

Rettssikkerheita i barnevernssaker er som eit morkent sikkerheitsnett som sjølv ikkje den mest vågale akrobat ville nytte seg av, skriv ekspertar. Er det slik? Kari Killén, Are L. Svendsen, Tore Nyseter, Bente Ohnstad, Einar C. Salvesen, Berit S. Øygard, Stine E. Vik og Rune Hausstätter tek eit kritisk blikk på barnevernet og nye aktuelle problemstillingar i sektoren i dag.

 

Doktorgradsstipendiat Unni Vik skriv om mikroorganismane. Ingen veit nøyaktig kor mange dei er, men mengda og mangfaldet av mikroorganismar overgår det vi tidlegare har klart å førestille oss. «Eitt gram jord på ei teskei kan huse så mange som 50 000 ulike artar av mikroorganismar. Det er nesten ti gonger talet på pattedyrartar på heile kloden vår.»

 

Kvifor er det så vanskeleg å snakke om abort? «Stormsenteret i debatten er heilt stille.» Ytterkantane ropar at alt er «ferdig snakka». I midten står dei som framleis har spørsmål, men teier, skriv Ann Kristin van Zijp Nilsen.

 

Den jødiske minoriteten i Noreg er liten og mangfaldig, merkt av Holocaust og antisemittisme. For journalist Dana Wanounou er dette ein viktig del av historia, samstundes som ho også opplever at det har vorte lettare å vera jødisk nordmann. «Allmenningen er ingen tragedie», skriv Ebba Boye – i samtale med den amerikanske evolusjonsbiologen David Sloan Wilson. Fotograf Anne-Marte Før har foreviga 16 år gamle Filippa Vik, som er elev ved Den Norske Ballettskole.

 

Dei blei kalla «tvilsomme» eller «halvmænd». Ein liten roman frå 1913 fortel mykje om homofile liv i Noreg kring førre hundreårsskifte, skriv Heidi Rohde Rafto.

 

Korleis er tilhøvet mellom ordlistene og bruksnynorsken i dag, spør Lars S. Vikør. Og teiknaren Sindre Goksøyr harselerer over norsk offentlegheit.

Ute nå

Er kvinnekamp fortsatt aktuelt, 70 år etter Det annet kjønn? Gnist-redaksjonen har lest deler av Det annet kjønn av Simone de Beauvoir, og Tomine Sandal har lest hele og ser på om boka fortsatt er aktuell, 70 år etter at boka først kom ut. Gnist-samtalen denne gangen er med Linn-Elise Øhn Mehlen og Kjersti Ericsson på tema feministisk praksis.

Ute på nett nå

Shuddhashar's  Issue 16 is published and ready for you to read.  We have articles on a range of topics related to our mission -- from climate change to the Rohingya refugees, and from a devastation in Iraq to the role of politics in the arts -- to name just a few. As always, we hope you will read ideas that inspire you to think, write, and act.

Ønsker du å låne kontoret?

Medlemstidsskriftene kan låne kontoret vårt i 4. etasje på Litteraturhuset i Oslo, fortrinnsvis etter kl 15. Trenger du det på dagtid, kan det som regel ordnes.

Send e-post til  post@tidsskriftforeningen.no for spørsmål/reservasjon.

Developed by Aplia - Powered by eZ Publish - Informasjonskapsler