Prosa #2 2021

Prosa #2 2021 inneheld to svært ulike tilnærmingar til TV-serien «Atlantic Crossing»s handsaming av historiske hendingar. Les også historia om Kopinors og NFFOs innsats for å styrke bokbransjen i fleire afrikanske land.

Marte Michelets essay er utsett igjen. Tema for årets andre nummer av Prosa er «grenseverdi», noko som viser til dei verdiladde vurderingane som ligg til grunn når grenser blir sette eller flytta, og til kva som kan oppstå når grenser blir kryssa.

Asbjørn Eidhammer skriv om satsinga Kopinor og NFFO gjennom fleire tiår har gjort for å styrkje forlagsarbeidet og rettane til forfattarane i afrikanske land som Kenya, Nigeria, Malwi, Tanzania, Uganda, Zambia og Zimbabwe.

 I to essay blir møtet mellom historiefag og dramaturgi i serien «Atlantic Crossing» problematisert: Tom Kristiansen og Tore Rem meiner at dramaturgien kviler på tre fundamentalt usanne påstandar om krigshistoria. Asgeir Ueland meiner derimot at historikarane ikkje bør fokusere på faktafeil, men heller sjå på kva historiefortellinga i serien kan fortelje om vår eiga tid.

 I kritikkseksjonen får Åsmund Forfangs bok Trykkefridomens første tiår. § 100 i Grunnlova 1814–1842 svært rosande omtale av Sverre Blandhol for gjennomgangen av 17 rettssaker om trykkefridom i perioden 1814–1842. På bakgrunn av kildearbeidet påviser Forfang «sløyfer av følgefeil og misforståelser» som spesielt breidde om seg etter Ytringsfrihetskommisjonens utgreiing i NOU 1999:27. «Det er skrevet mye om ytringsfriheten i Norge uten at kildene er undersøkt», skriv Blandhol.

Sindre Hovdenakk har vurdert to bøker om Arbeiderpartiets historie: Finn Olstads En historie om Arbeiderpartiet. Fra arbeiderpopulister til verdensborgere og Hallvard Notakers Arbeiderpartiet og 22. juli. 

Ingvild Folkvords Stemmene etter 22. juli analyserer retorikk i og fremføring av offentlege utsegner etter terrorangrepet 22. juli. Meldar Kjetil Røed meiner det er gjort presist og originalt. Johanne Elster Hanson har meldt Maria Schwaller Rosvolls Zolo Caroli. En europeisk historie.

Jon Rognlien skriv om vinnar av Augustprisen 2020: Elin Anna Labbas Herrene sendte oss hit – om tvangsflyttingen av samene (omsett av Trude Marstein), medan Frida Skatvik har vurdert James Goodbolt: Nesten norsk. Det flerkulturelle Drammen 1970–2020.

Sissel Lie spør om fagfolk kan lære å skrive godt av bøkene Å skrive akademisk. En veiviser for forskere av Solveig Østrem og Kunsten å formidle forskning. En skriveguide for fagfolk av Aage Rognsaa. I spalta Tidsskriftsturné held Aasne Jordheim fram med å vurdere smale og mindre kjende tidsskrift, denne gongen Oppstrøms, eit tidsskrift om flugefiske.

I intervjuspalta Nøtta og kjelda er forfattar Bjørnar Sæther intervjua om arbeidet med boka Kunnskapsbasert utviklingsarbeid i grenseland. Partnerskap for Indre Skandinavia og EUs Interreg-programmer 1996–2020. I spalta Sakprosa i verda skriv Øyvind Strømmen denne gongen om samvitskrisa som har oppstått i Frankrike etter publisering av memoarar der #MeToo-rørsla rammar den seksuelt frigjorde 68-generasjonen. Nina Karin Monsen har levert eit debattinnlegg om dei manglande namna under biletet som vart trykt saman med Kjetil Røeds melding av Vi spiste, sov og drakk feminisme i Prosa #1 2021.

Forsideillustrasjonen til dette nummeret er teikna av Andrea Ferkingstad.

Marte Michelet rakk diverre ikkje å få ferdig det varsla svaret på kritikken frå Berggren, Bruland og Tangestuen til dette nummeret av Prosa, men tar sikte på å publisere eit essay i eit seinare nummer og eit meir detaljert tilsvar på prosa.no.  

 

Ute nå

Prosa #2 2021 inneheld to svært ulike tilnærmingar til TV-serien «Atlantic Crossing»s handsaming av historiske hendingar. Les også historia om Kopinors og NFFOs innsats for å styrke bokbransjen i fleire afrikanske land.

Marte Michelets essay er utsett igjen. Tema for årets andre nummer av Prosa er «grenseverdi», noko som viser til dei verdiladde vurderingane som ligg til grunn når grenser blir sette eller flytta, og til kva som kan oppstå når grenser blir kryssa.

Alle tidsskrift skal ha ISSN-nummer. ISSN-nummeret brukes til å identifisere tidsskriftet, og er det samme uansett årgang og utgavenummer.

Les mer her.

Ønsker du å låne kontoret?

Medlemstidsskriftene kan låne kontoret vårt i 4. etasje på Litteraturhuset i Oslo, fortrinnsvis etter kl 15. Trenger du det på dagtid, kan det som regel ordnes.

Send e-post til  post@tidsskriftforeningen.no for spørsmål/reservasjon.

Tidsskriftdagen 2020

Tidsskriftdagen 2020 ble strømmet og du kan se den på vår Youtubekanal her.

Developed by Aplia - Powered by eZ Publish - Informasjonskapsler