Mellom #1/2019

Mellom #1/2019 handlar om omsetting og musikk, men rommar òg eit utval ny litteratur i omsetting, faste spalter og omtalar av omsett litteratur.

Kva betyr det eigentleg å omsette musikk? Mistar ein ikkje mykje av musikken sitt «ekte sjølv» når ein forsøker å omsette han? Kan musikk omsettast – rett og slett? Vi undersøker forholdet mellom desse to fenomena gjennom seks ulike tekstar.

I dette nummeret skriv blant anna Are Kalvø om omsetning av banning frå engelsk til nynorsk i musikalen Book of Mormon. Annjo K. Greenall har skrive eit essay om «songar på vandring» – Dance With a Stranger på nynorsk, Alf Prøysen på spansk og Bruno Mars på hawaiisk. Poet Charlotte Vaillot Knudsen har skrive ein artikkel om å gjendikte inkje mindre enn 100 000 000 000 000 dikt.

I tillegg får vi Kristin Vold Lexander sin gjendikting av politisk rapp i Senegal, ein svært underhaldande tekst av Per E. Fosser om sitt virke som omsettar av operaar, og mykje meir. Du kan også lese smakebitar frå to latinamerikanske forfattarar i del éin av vår presentasjon av forfattarar frå alle dei fire landa i Latin-Amerika som byrjar på C.

Vi byr også på ein saftig kritikkseksjon, og som ei forlenging av tematikken frå #2/2018, «Omsetting og vondskap», presenterer vi i dette nummeret Anne Stenersen sin artikkel omsettarar i jihadismens teneste.

Ute nå

 I denne utgåva kan du lese om alt frå humanisme og flørting til musikk og korallrev, og mykje, mykje meir. 

BLI MED BALLADE BAK ORDENE LIVE!

Ballades serie om lyrikken i musikken, Bak ordene, går mandag 20. januar live sammen med Lars Lillo-Stenberg (som også vil framføre et par låter!), Rawdna Carita Eira og Brand Barstein.

Hvordan blir sangtekster til? Hva gjør lyrikken i musikken med sangene vi lytter til, hvorfor treffer de oss og hva kan de bety for oss?

Vi har med oss ingen ringere enn LARS LILLO-STENBERG, som også kommer til å spille et par låter; den samiske dikteren RAWDNA CARITA EIRA, som har skrevet sangtekster for blant andre Mari Boine og Hekla Stålstrenga og librettoen til operaen "Gállábártnit", som ble oppført i Toronto sist høst, og Brand Barstein, skribent hos blant andre Ballade.

Samtaleleder er Ballade-journalist Siri Narverud Moen.

Innledning ved Ballades redaktør, Guro Kleveland.

Vi gjør opptak for podkast som legges ut etter arrangementet.
Bak ordene live skjer i Fritt Ords lokaler i Oslo (rett ved Litteraturhuset) mandag 20. januar kl. 18.00 til 19.30. Enkel servering. Alt gratis.

Meld deg gjerne på på eventet på Facebook!

VELKOMMEN!

Ønsker du å låne kontoret?

Medlemstidsskriftene kan låne kontoret vårt i 4. etasje på Litteraturhuset i Oslo, fortrinnsvis etter kl 15. Trenger du det på dagtid, kan det som regel ordnes.

Send e-post til  post@tidsskriftforeningen.no for spørsmål/reservasjon.

Developed by Aplia - Powered by eZ Publish - Informasjonskapsler