- Debattar blir viktigare enn før

- Tidsskrifta forsøker jo å starta ein større samtale enn den som forsvinn i den daglege nyhendestraumen. Eg tenkjer at det å ta samtalen ut av papirsidene og over i debattarrangement er noko som blir viktigare no, seier Ingrid Baltzersen, redaktør i Gnist Marxistisk tidsskrift.

Kvifor ville du bli redaktør i Gnist, og kva ambisjonar har du/de?
- Då Erik Ness på slutten av 2016 gjekk av etter 24 år som redaktør i bladet, som har både heitt Røde Fane, Rødt! og no Gnist, kjentest det naturleg å ta over. Eg har lang politisk erfaring frå AKP/RV og Raudt, og har vore aktiv i redaksjonen sidan starten av 2000-talet. Dei siste åra har det vore redaksjonen som har vore hovudengasjementet mitt, og det var spanande å få lov til å leia utviklinga vidare, god hjelpt av dei andre redaksjonsmedlemmane, inkludert den tidlegare redaktøren.

Ambisjonen til Gnist er å vera ein aktuell stad for folk på venstresida å gå til for spanande teori, aktuell debatt og djupare innsikt i viktige tema. Me har alltid hatt ambisjon om å nå fleire enn dei som er medlem i Raudt, men no har jo partiet blitt så stort at det er ei heil venstreside i seg sjølv!

Kva er det finaste og det verste med å vere redaktør?
- Det verste er at ein alltid har eit nummer som snart skal i trykken. Når ein gjer dette på fritida og har ein del andre jarn i elden, så kjem det nokre gongar på eit tidspunkt som ikkje passar så godt. Det finaste er å få jobba saman med så flinke folk, og å sjå det ferdige bladet, alltid like nervepirrande og kjekt. Det er også veldig spanande med kontakt med nye og gamle skribentar, eg blir stolt over at så mange folk ser på oss som ein naturleg og viktig stad å skriva. Og når nokon seier at dei faktisk har lese ein artikkel eller heile bladet, så smeltar eg heilt.

Kva er du mest stolt av at din redaksjon har lykkast med dei siste åra?
- Me har utvikla oss veldig som redaksjon dei siste åra. Frå at redaktøren gjorde mykje av arbeidet, frå det redaksjonelle til korrekturarbeidet og det grafiske, til no når me har underredaksjonar for kvart nummer som har hovudansvar for at det blir noko av og bokredaktørar som sørger for at me har ein stor og god bolk med bokmeldingar, både av norske og utanlandske bøker. Og me har ein dyktig grafisk designar som har sørga for at bladet har blitt både vakkert og godt å lese i. Me har rekruttert fleire unge redaksjonsmedlemmar, noko som gjer at me får nytt kontaktnett og nye perspektiv og forhåpentleg fleire abonnentar. Det er eg også svært stolt over: Gnist har nærmare tusen abonnentar!

Fleire tidsskrift satsar på nett, og publiserer stoff der som liknar på vekeavisene sitt kommentar-, kritikk- og debattstoff. Ser du teikn til at tidsskrifta si sjølvforståing endrar seg i den digitale offentlegheita?
- Alle medium endrar jo form som resultat av den nye digitale offentlegheita. Gnist er eit politisk tidsskrift, så for oss gir det digitale ein sjanse til å komma tidleg ut med aktuelt stoff, og å ha eit arkiv med artiklar som kan vera allment tilgjengeleg. Tidsskriftet Gnist/Forlaget Rødt! har også begynt å legga ut videoar av innleiingar på nett.

Me skulle gjerne ha vore endå meir aktive digitalt, men sidan me baserer oss på friviljug arbeid, så avgjer interesse og evne i redaksjonen og omland i kva grad me får til det. Men me har ingen ambisjon om å konkurrera med vekeavisene på deira type stoff.

Medielandskapet endrar seg svært raskt. Kan tidsskrifta ta nye roller no?
- Tidsskrifta forsøker jo å starta ein større samtale enn den som forsvinn i den daglege nyhendestraumen. Eg tenkjer at det å ta samtalen ut av papirsidene og over i debattarrangement er noko som blir viktigare no. Gnist samarbeider til dømes med Sosialismeverkstedet på Mesnali, og i fjor la me ut alle innleiingane derfrå på YouTube. Det å kunna dela lyd eller video gjer jo at arrangementa på same måte som trykte tekstar, held seg levande lengre.

Korleis kan økonomien bli betre i tidsskrifta? 
- Som for alle tidsskrift: ved å få fleire abonnentar. Gnist har ein grei økonomi takka vera at me gjer nesten alt unntatt trykking og utsending på dugnad. Og så har me ei sommarinnsamling som gir oss høve til å gi ut eit ekstranummer i tillegg til dei fire ordinære nummera i året.

Det hadde også vore veldig bra å komma inn under ei offentleg innkjøpsordning som gjorde at me fanst i alle bibliotek. Det ville kunna auka abonnementstalet, og få tekstane våre ut til eit større publikum. Små tidsskrift betaler veldig mykje i distribusjon. Det bør etablerast ei ordning med bladporto som er vesentleg lågare enn den portoen me betaler i dag. Moms-fritaka må oppretthaldast. Pressestøtta er særleg viktig for meiningsberande aviser, og ei liknande ordning for tidsskrift burde vera mogleg.

Kvifor er de med i Norsk tidsskriftforening, og kva er viktig at foreininga gjer framover?
- Gnist meiner jo at dei som har same interesser bør organisera seg og stå saman. Me set stor pris på all oppfølging og støtte til arrangement og aktuelle kurs for redaksjon. Sidan omtrent alt me gjer skjer på fritida, så er det godt å ha nokon som jobbar for oss. Det å jobba for å betra den økonomiske situasjonen for tidsskrifta er viktig.

Kva er den «beste» unnskyldninga du har fått for ikkje å levere innan fristen?
- Dei fleste leverer i tide. Dei siste åra har me uansett hatt så mykje stoff, at om noko fell bort mot slutten hankar me det berre inn til neste nummer, viss det framleis er aktuelt.

Om tidsskriftet

Gnist Marxistisk tidsskrift er partiet Raudts tidsskrift. Gnist vil bidra til debatt, kunnskap og teoriutvikling og kjem ut med fire nummer i året. Sentrale tema er marxistisk teori, klima, klassekamp, teknologi, fagleg organisering, feminisme og internasjonal solidaritet. Gnist prøver å gi plass både til nye stemmer, erfarne skribentar og perspektiv frå utlandet. I bladet finn ein alt frå tunge teoretiske artiklar til dagsaktuelle intervju. Kvart nummer har ein stor bolk med bokomtalar for å inspirera til meir lesing.

Om redaktøren

Ingrid Baltzersen (f. 1980) har vore redaktør i Gnist sidan 2017. Ho er midtaustenvitar, jobbar med flyktningar, og har også jobba som trikkeførar. Baltzersen har vore politisk aktiv størsteparten av livet, blant anna som nestleiar og leiar i AKP, nestleiar i Raudt, bystyrerepresentant i Oslo, tillitsvald i NTL og Fagforbundet og aktiv i alt frå LLH til Palestinakomiteen.

Developed by Aplia - Powered by eZ Publish - Informasjonskapsler