Syn og Segn 1/10
Heilt heim - Syn og Segn 1/10
Syn og Segn nr 1/10 er ute med mange aktuelle artiklar. Agnes Ravatn har intervjua den sprelske 70-års jubilanten Einar Økland, medan Mette Karlsvik har vore på Island og skrive om krisa, Björk og eit kunstprosjekt med dugnadsand. Ola E. Bø skriv om godt scenespråk, og Sverre Tusvik gledar seg til den nye rettskrivingsnorma er på plass.
Agnes Ravatn: Ein mann i huset
Einar Økland fyller 70-år og har fått besøk av Agnes Ravatn heime på garden i Valevåg. Han serverar Bacalao og børst og fortel at han ønsker å leve roleg og få arbeidsfred. I det humørfylte intervjuet deler han frå eit langt forfattarliv og legg ut om alt frå dumme damer til feiring av sjølvmord. Han er ein av dei mest produktive og originale norske forfattarane, men likar ikkje å stikke seg fram. Han vil heller bli oppdaga og funnen, fortel han.
Ola E. Bø: Klovnar i kamp
Kva er godt og rett scenespråk? Ola E.Bø har rissa opp den historiske utviklinga og teiknar både det geografiske og språkpolitiske kartet i dag.
Noralv Pedersen og Kim Nygård: Fredsdue i Aust-Timor
I over tre år har Gunnar Stålsett prøvd å forsone bitre motstandarar i Aust-Timor. Det er ei ugrei historie om ein statsminister og ein president som er fiendar på livstid, og om ein norsk spesialutsending som har hatt liten langsiktig verknad på den farlege konflikten.
Mette Karlsvik og Island x 3
På Island dreier det meste seg framleis om finanskrisa og følgjene av den. Etter krisa blir energi avgjerande. Far til artisten Björk er sentral fagforeiningspolitikar, kompisen hennar er miljøkunstnar, og Björk er eit kraftverk i seg sjølv. Mette Karlsvik har vore på Island og sendt heim igjen heile tre saker frå den bokstavleg talt dampande hovedstaden.
Magnhild Folkvord: Eit betre paradis
Etter at åttetimarsdagen vart innført for 90 år sia, er produktiviteten mangedobla. Kvifor er arbeidsdagen framleis 7,5 timar og arbeidspresset høgare enn nokon gong? Magnhild Folkvord skriv om likestilling, tidsklemma og det moderne arbeidslivet.
Elles finn du følgjande artiklar i Syn og Segn nr 1/10:
Sverre Tusvik: Den første flo-pasninga
Sigve Gramstad: Vern av minoritetsspråk i Europa, 20 år etter Berlinmurens fall
Olav Randen: Krigen knekte målstriden
For meir informasjon eller meldareks, kontakt:
Redaktør i Syn og Segn, Bente Riise, tlf. 90 58 48 38 - bente.riise@synogsegn.no
Sjå også www.synogsegn.no