Spelemannsbladet endrar namn til Folkemusikk
- Det nye bladet Folkemsikk skal spele ei viktig rolle i den breie kulturdebatten, seier redaktør Knut Aastad Bråten. Folkemusikk inneheld meir nyheiter og fagstoff og har fått ny og sprekare design.
Arbeidet med omlegging og nytt blad tok til for over eit år sidan, i samband med arbeidet med samanslåinga av Landslaget for Spelemenn og Norsk Folkemusikk- og Danselag.
- Det kjennest godt å vera i mål. Vi har arbeidd lenge med det redaksjonelle innhaldet, fortel Knut Aastad Bråten.
- Kva er målsetjinga med det nye bladet?
- Det er fleire målsetjingar. Bladet skal ikkje minst vera eit korrektiv og supplement til kulturdekninga i norske medium generelt. Per i dag er norsk folkemusikk lite omtala i norske aviser. Det som står, er ofte tilfeldig og smått. Nettopp difor er det avgjerande at det finst eit eige blad som tek for seg feltet på ein seriøs måte. Noreg treng eit folkemusikkblad.
Folkemusikk skal også presentere folkemusikk og folkedans i vid forstand. I den ferske utgåva er det reportasje om Bygda dansar, om den jødiske klezmermusikken og eit portrett med folkemusikkomponisten Lasse Thoresen.
- Vi vil synleggjera både den norske folkemusikken, men òg kulturuttrykka til bortgøymde folkemusikksjangrar og minoritetar. Desse høyrer naturleg heime innanfor folkemusikkomgrepet. Då er det også naturleg at vi skriv om musikken og dansen deira, seier Bråten.
Debatt-stoff blir det også i det nye bladet.
- Folkemusikk og folkedans er framleis eit underkommunisert felt. Kulturdebattane i dei store riksavisene tek sjeldan opp folkekulturelle problemstillingar. Nettopp difor er det viktig å halde oppe debatten om folkemusikken og folkedansen.
- Nokon meiner det blir diskutert for mykje?
- Kanskje vi diskuterer feil tema. Det er også opp til miljøet sjølv å engasjere seg. Det er ei kjensgjerning at tause miljø ofte blir gløymde. Og det vil vi vel ikkje, spør Bråten.
Det nye bladet får fleire sider enn gamle Spelemannsbladet, 52 sider mot tidlegare 32. Det betyr fleire seksjonar og artiklar som går i djupna.
- Det er viktig å presentere fagstoff og forsking frå feltet i mykje større grad enn i dag. Dette vil vi gjera gjennom ein eigen seksjon, seier Bråten.
Bente Riise, redaktør i Syn og Segn har vore med som konsulent. Det er designfirmaet Millimeterpress ved grafikar Lise Myhre som har utarbeidd ny logo og design.
Bladet Folkemusikk er i dag det einaste landsdekkjande bladet for folkemusikk og folkedans. Bladet er frittståande og arbeider etter Redaktørplakaten. Det er Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen i Noreg som gir ut bladet.
Bladet Folkemusikk blir gitt ut med økonomisk støtte frå eigaren og frå Norsk kulturråd, gjennom årleg tidsskriftstøtte og nynorskstøtte. I tillegg kjem inntekter av sal av abonnement og annonsar. Eigeninntektene til bladet utgjer rundt 70 % av dei totale inntektene.
Høyr elles intervju med Bråten her: http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/610055
Bladsleppet blir på Riksscenen torsdag 25. februar frå kl. 20.00 i samband med konsert med Bruce Molsky og Annbjørg Lien.
Inngang, bladslepp og konsert: 100 kroner.








