Syn og Segn 2/10
Nytt nummer av Syn og Seng er ute no
Salet av Orkla Media skapte store bølgjer i 2006. Styreleiar Stein Erik Hagen svikta då det gjaldt som mest, og konsernsjef Dag J. Opedal pressa gjennom salet til Mecom. I ettertid er fleire aviser blitt tappa for eigenkapital og ressursar, skriv Kjetil Haanes Syn og Segn nr 2/10.
Orkla medias siste dagar
I løpet av nokre dramatiske dagar i 2006 vart Orkla media seld til britiske Mecom. Midt oppe i det heile stod tillitsvald Kjetil Haanes i eit forsøk på å stanse salet. Han gjekk til kamp mot konsernsjef Dag J. Opedal og styreleiar Stein Erik Hagen i Orkla. For første gong fortel Haanes kva som skjedde på innsida, dei siste dagane i Orkla medias 23-årige historie.
Frå Blogg til fengsel – kreative utvegar i Russland og Kaukasus
I Russland og Kaukasus blir ytringsfridomen stadig mindre. Berre i 2009 vart åtte menneskerettsforkjemparar og journalistar drepne. Bloggarar vert sett i fengsel og populære debattprogram blir truga med nedlegging av styresmaktene. Kritiske røyster må vere stadig meir kreative for å nå fram med alternative bodskapar, skriv Ane Tusvik Bonde, prosjektleiar i Human Rights House Foundation.
La, la, la. Grand Prix og den nasjonale identiteten”La, la, la” tralla Joan Manuel Serrat på katalansk i 1968 og skapte nesten nasjonal krise i Franco-Spania. Laurdag 29. mai kjem Grand Prix sirkuset til Oslo, og med det ei ny rekkje av songar som seier meir om den nasjonale identiteten i landa som stemde fram artistane, skriv professor i religionsvitskap, Dag Øistein Endsjø.
Garrincha – Fotballens Chaplin
I Brasils VM-historie er Pelé den mest beundra og respekterte, men det er den meir ukjende Garrincha brasilianarane har trykt mest til hjarta og identifisert seg med. Og med sine mange briljante spelarar er Brasil endå ein gong blant favorittane i sommarens fotball-VM i Sør-Afrika, skriv historikar Karl Egil Johansen denne artikkelen. Les den fascinerande historie som opptakt til Fotball-VM.
Andre artiklar i Syn og Segn 2/10:
I leiaren skriv Bente Riise om at tidsskrifta må prioriterast høgare opp når mediestøtta skal omfordelast. Gode tidsskrift er avgjerande for å utvikle norsk språk på alle felt.
Anne Karin Thorheim, som er medlem av Kulturrådets vurderingsutval for prosa har tatt eit skråblikk på titlar og innhald i norsk samtidslitteratur, og sett på både dei tjukke og dei smale.
Runar Gudnason, frontfigur i hipphoppgruppa Side Brok har skrive om battle-kulturen i Danmark.
Atle Måseide har skrive eit filosofisk essay om vitskap, realisme og antirealisme i ”Hjernevask” si tid.
Anne Karin Thorheim har også skrive to korttekstar.
For meir informasjon, kontakt:
Bente Riise
redaktør Syn og Segn
Syn og Segn
postboks 4672, Sofienberg
0506 Oslo
tlf. kontor: 48 31 92 85mobil: 90 58 48 38
e-post: bente.riise@synogsegn.no
Bestill abonnement på www.synogsegn.no








