Spelemannsbladet 8-2009
Tid for eit avbrekk
Tida er knapp. Dagen har for få timar. Vi kan ikkje, og har ikkje tid til å lene oss attende for å nyte det vi held på med. Men kvifor snakkar Folkemusikk-Noreg berre om å nå nye høgder? Er vi ikkje, nokre gonger, gode nok? Når er vi i mål? Ein eksisterer ikkje, om ein ikkje utviklar seg, kan det verke som.
Nokre ord går att. Til dømes snakkar vi om profesjonalisering. I samband med samanslåinga av dei to folkemusikkorganisasjonane har det vore mykje snakk om nettopp profesjonalisering. Alt skal bli så mykje betre når ein slår seg saman til ein stor organisasjon, blir det sagt. Vi skal bli profesjonelle. Det gjenstår å sjå.
Spørsmålet er: Står maset frå profesjonaliseringskorpset i samsvar med dei faktiske realitetane – med storleiken på budsjetta og tilgangen til menneskelege ressursar? Krava, forventningane og visjonane i dagens Folkemusikk-Noreg er skyhøge: Straumen av offentlege kroner må auke for kvart år. Stagnasjon og stillstand er ikkje bra, blir det sagt. Vi må ha nye produksjonar, dyrare artistar, fleire besøk, meir inntekt, større sponsorinntekter og mykje medieoppslag. Effekten av det heile blir målt i kritiske vurderingar. Resultata blir ein test og eit kvalitetsstempel. Har ein vore flink nok? Syner utviklinga ein positiv vekst?
Snakket om profesjonalisering blinkar ikkje åleine. Profesjonaliseringa slår fylgje med ei mengd pretensiøse snikksnakkord om kvalitet, kvalitetssikring, utvikling og endring. Vi skal vere innovative og generere ny aktivitet. I tillegg skal vi vere effektive og rasjonelle. Og vi skal vere fremst, fyrst, øvst og i tet. I tillegg skal ein ha ambisjonar, kvar og ein, og på vegner av jobben og alle andre. Ingen dag utan. Men kva hjelper det å snakke? Profesjonalisering er inga snakketevling, men dreier seg om faktiske pengar på bordet. Korkje meir eller mindre.
Bak ambisjonane og alle orda sit ei mengd underbetalte, utslitne og overarbeidde kulturarbeidarar. Og i Kultur-Noreg er det mange av dei. Å vere profesjonell dreier seg like mykje om å vie merksemd og omsyn til desse: om å dyrke kvar og ein, og la dei få fullføre kulturoppgåvene i ro og mak. Eg kjenner få i kulturlivet som ikkje legg ned ein større arbeidsinnsats enn det dei får betalt for. Alle står på for å utvikle organisasjonen, festivalen eller konsertane. Når prioriterer vi desse?
Kulturlivet i Noreg er på inga måte sveltefora. Tru ikkje det. Støtta til kulturlivet er auka med svimlande summar sidan fleirtalsregjeringa overtok makta for over fire år sidan. Men mange av kronene er brukt på å bygge infrastruktur og reisverk, Opera og Riksscene. Kva så med ressursar til det konkrete arbeidet, til dei som er sett til å utføre reisverket, til å leie festivalane, eller dei friviljuge organisasjonane? Det blir ikkje meir kultur når løna framleis er låg og arbeidsoppgåvene stadig veks over hovudet på ein.
Eg blir sliten av alt snakket, og vil helst kople det ut. Vi skal sjølvsagt ikkje slutte å snakke; korkje om ambisjonar eller realistiske og urealistiske mål. Men kanskje skal vi i tillegg vende blikket mot menneska som skal realisere dei ambisiøse orda – før vi plaprar i veg om alt som må gjerast, og kor flott det skal bli. Ingen er monstermenneske med gudlege krefter. Heldigvis.
Knut Aastad Bråten


