Ratatosk 1-4 2009
PRESSEMELDING
RATATOSK 1–4 2009: NORSK SAMTIDSLYRIKK 2000–2009
Bestilling: guri@ratatosknett.org
Pris: 90,- (fri porto)
Ratatosk feirar tiåret som har gått med eit stort temanummer om norsk samtidslyrikk. Vi har lese dei 90 lyrikarane som debuterte på 00-talet, og plukka ut 10 som vi finn spesielt interessante. Vi presenterer desse og kven dei er inspirert av. Vi diskuterer òg lyrikken sine kår.
Er diktbøker noko for spesielt interesserte – ein utdøyande rase? NEI, meiner Ratatosk. Det finst ei rekkje spennande norske lyrikarar. Det er i lyrikken kampen om språket står; det er her språket blir utforska og utvikla.
Redaksjonen presenterer ein røff guide inn i den norske samtidslyrikken. Vi har laga ei liste over alle lyrikkdebutantane på 90- og 00-talet, og har etter beste evne utført nokre statistiske utrekningar. I leiarartikkelen (utforma som ei samtale mellom alle i redaksjonen) får du eit eksklusivt innblikk i arbeidsprosessen bak nummeret.
Redaksjonen består av Guri Sørumgård Botheim, Ingrid Rognes Solbu, Kjersti Rognes Solbu, Vilde Heggem, Marte Huke og Arild Vange, samt fotograf Benedikte Skarvik. Ratatosk vart etablert i 2004 og har base i Trondheim.
Ta kontakt for anmeldareksemplar, bestilling eller meir informasjon.
Vennleg helsing Ratatosk
Kontakt
Guri Sørumgård Botheim (ansvarleg redaktør), guri@ratatosknett.org, tlf. 970 31 624
Arild Vange (redaktør) arivange@online.no, tlf. 478 79 835
www.ratatosknett.org
http://www.facebook.com/home.php?#/group.php?gid=37582301983
INNHALD
Norsk samtidslyrikk 2000–2009
Ingen stor dramatikk | Leiar av Ingrid Rognes Solbu, Kjersti Rognes Solbu, Vilde Heggem, Marte Huke, Arild Vange, Guri Sørumgård Botheim og Ratatosk
Lister og statistikk | Med kommentar av Arild Vange
10 LYRIKARAR 2000–2009
Meningsløsheten en onsdag formiddag | Marius Warholm Haugen om Henrik Nor-Hansen
Døden! Økonomien! | Ane Nydal om Øyvind Rimbereid
Det som var er | Magnus Sæther om Yngve Pedersen
Ord och kropp | Märit Aronsson om Vemund Solheim Ådland
Å gjøre eller ikkje gjøre | Kjersti Rognes Solbu om Kristin Auestad Danielsen
Sarah Selmer – tenker på noe annet | Synne Ytre Arne om Sarah Selmer
Alle går nå | Edvine Larssen om Monica Aasprong
Du er meg. Speiling og identitet | Harald Nortun om Geir Halnes
Grunnen under hennes føtter | Kristoffer Jul-Larsen om Rebecca Kjelland
I kamp | Eirik Bergesen Dalen om Erlend O. Nødtvedt
INSPIRASJON
Blå draum brå tid ved dag du brest du brast | Erlend O. Nødtvedt om Rolf Sagen
Om å melke Motormelkeveien | Geir Halnes om Rune Christiansen
”det lyser av tunge bærere og av lette” | Monica Aasprong om Ellen Einan
Ratatosk spør | Kristin Auestad Danielsen svarar
Støy, stillhet, punk og Jon Fosse | Vemund Solheim Ådland om Jon Fosse
En skulptur av språk | Sarah Selmer om Anne Bøe
Ratatosk spør | Øyvind Rimbereid svarer
Ratatosk spør | Henrik Nor-Hansen svarer
Foto | Av Benedikte Skarvik
DISKUSJON
De umulige kriteriene. Om lyrikkritikk | Artikkel av Ingrid Rognes Solbu
00-talets debutantpoesi | Artikkel av Sindre Ekrheim
Med poesi som prosjekt | Åse Helen Tveitane samtaler med Rebecca Kjelland, Erlend O. Nødtvedt, Geir Halnes og Vilde Heggem
Eit forsprang på seg sjølv. Om skriveskolar | Artikkel av Rune F. Hjemås
Hela bokens språk. Om omslag | Artikkel av Martin Högström


