Hjem / Magasin / Folkemusikk 5/2011

Folkemusikk 5/2011

Folkemusikk 5/2011

NY PLATE FRÅ TURID SPILDO: I desse dagar regisserer ho ferdig si nyaste plate, Eg ser deg, saman med hardingfelespelar Knut Hamre og cellist Johannes Martens. Der nokre brukar månader eller veker på platene sine, er Eg ser deg eit langdistanseprosjekt. Starten var i 1997. Meir på side 26!

MARTIN MYHR HEIDRA: I oktober 2011 står Martin Myhr framfor eit lydhørt publikum i Trondheim. I handa held han den gjæve prisen frå Rådet for folkemusikk og folkedans. Han er stordansaren som har vunne sju landskappleikar, entertaineren som turnerer landet ikring og den eldste av Frikarane. Han er dugnadsarbeidaren, inspiratoren og entusiasten som aldri blir lei av å arbeide med barn og unge. Les meir om mannen som nektar å lære seg telespringar i siste utgåva av Folkemusikk!

FOLKEMUSIKK FRÅ SRI LANKA: Vasuky Jayapalan driv undervisning i folkemusikk frå Sri Lanka i kulturskulen i Oslo. Ho meiner ein har alt å vinna på å skapa betre tilbod for utanlandsk folkemusikk ved kulturskulane i Noreg. --- Globaliseringa er eit faktum. Det vert ikkje færre innvandrarar i Noreg. Institusjonane – og arbeidsgjevaren deira – bør opna augo for korleis verda fungerer. Om den norske staten tek oppgåvene, kan me redusera framtidige problem, seier ho. Meir på side 10.

KJØNNSDISKRIMINERANDE SLÅTTENAMN? Kva seier slåttenamna oss? «Rist’n» og dei andre kjønnsrealterte slåttenamna er både diskriminerande, ufine og skitne, men også kulturhistorie, folkeleg forteljartradisjon – i tillegg til ein brukande danseslåttar. Slåttane og slåttenamna fortel om menneska, naturen og kulturen, og er god underhaldning langt utover dei musikalske opplevingane. Forteljingane, mytane og slåttenamna gjev melodiane evig liv, noko attåt, ei kraft og ein verdi utover det reint musikalske. Meir om merksnodige slåttenamn i siste nummeret av Folkemusikk

Mykje sladder, ei mengd platemeldingar, frå platehylla til Øyvind Sandum, platedebuten til Knut Myrann, fagartiklar og mange debattinnlegg!

Bladet Folkemusikk er det einaste landsdekkande bladet for folkemusikk og folkedans. Folkemusikk blir lest av musikk- og kulturinteresserte over heile landet, og har ein sterk posisjon i det kulturpolitiske miljøet. Bladet Folkemusikk er frå 2010 i sal på Narvesen.

Vil du bli abonnent? Ting bladet her!

Ute nå

Folkemusikk 1/2012

Laila Yrvum er klar med ny plate, Karl Seglem har streka opp reisverket for opninga av årets Vossa Jazz og Knut Aastad Bråten dreg opp problem-stillingar knytt til vanskane med å opprette eit eige lærefag i felebygging.

Norsk Shakespeare- og
teatertidsskrift 3-4/11

Theatre in times of crisis: Høyrepopulistene angriper nederlandsk scenekunst. Intervjuer med Kate Valk, den tyske stjerneregissør-en Michael Thalheimer m.fl.

ArkitekturN 1/2012

Hvem vil arkitekter helst snakke med: hverandre, eller alle andre som også kan tenkes å ha noe å si om arkitektur? Hans Skotte etterlyser mer samfunns-forståelse.

Ildsjelen 1 - 2012

Les: Menneskehetens spirituelle historie, Feng Shui – eller hvorfor livet er akkurat som det er, Årshoroskop for 2012, Mennesket - det fabel-aktige multiunivers

Materialisten 3-4/11

Dobbeltnummer om flyktningpolitikk. Les bl.a:.Stor skam (leder), Norsk flyktningpolitikk i globaliseringens tid, Et liv i eksil – om kvinnelige asylsøkere, De papirløse

Bøygen 4 - 2011

Fiksjonslitteratur som inneholder selvbiografiske elementer er ikke lenger ren fiksjon, men en slags blandingslitteratur – altså er den uren.

FORMakademisk Vol 4,
No 2 - 2011

Forskningsbasert designundervisning, tjenestedesign, tegneundervisning, Minicities, Islenderen, Baseskoler og kunstpedagogikk eller handverkstradisjon i kunst- og handverksfaget.

Babylon 2/2011

Les bl.a. disse artiklene: Arabiske kvinners statsborgerskap, En revolusjon i egyptisk familierett? Landsmann, snakk tyrkisk!

Norsk Tidsskriftforening Epost