Hjem / Magasin / Folkemusikk 1 - 2010

Folkemusikk 1 - 2010

Folkemusikk 1 - 2010

- Noreg treng eit folkemusikkblad

- Bladet spelar ei viktig rolle i den breie kulturdebatten, seier redaktør Knut Aastad Bråten.

Neste veke blir det bladslepp med det nye bladet Folkemusikk. Arbeidet med bladet tok til for over eit år sidan, i samband med arbeidet med samanslåinga av Landslaget for Spelemenn og Norsk Folkemusikk- og Danselag.

- Det kjennest godt å vera i mål. Vi har arbeidd lenge med det redaksjonelle innhaldet og er litt slitne, fortel Bråten.

- Kva er målsetjinga med det nye bladet?

- Det er fleire målsetjingar. Bladet skal ikkje minst vera eit korrektiv og supplement til kulturdekninga i norske medium generelt. Per i dag er norsk folkemusikk lite omtala i norske aviser. Det som står, er ofte tilfeldig og smått. Nettopp difor er det avgjerande at det finst eit eige blad som tek for seg feltet på ein seriøs måte. Noreg treng eit folkemusikkblad, seier han.

Folkemusikk skal også presentere folkemusikk og folkedans i vid forstand. I den ferske utgåva er det reportasje om Bygda dansar, om den jødiske klezmermusikken og eit portrett med folkemusikkomponisten Lasse Thoresen.

- Vi vil synleggjera både den norske folkemusikken, men òg kulturuttrykka til bortgøymde sjangrar og minoritetar. Desse høyrer naturleg heime innanfor folkemusikkomgrepet. Då er det også naturleg at vi skriv om musikken og dansen deira, seier Bråten.

Debatt blir det også.

- Folkemusikk og folkedans er framleis eit underkommunisert felt. Kulturdebattane i dei store riksavisene tek sjeldan opp folkekulturelle problemstillingar. Nettopp difor er det viktig å halde oppe debatten om folkemusikken og folkedansen.

- Nokon meiner det blir diskutert for mykje?

- Kanskje vi diskuterer feil tema. Det er også opp til miljøet sjølve å engasjerer seg. Det er ein kjensgjerning at tause miljø ofte blir gløymt. Og det vil vi vel ikkje?, spør Bråten.

Det nye bladet får fleire sider enn gamle Spelemannsbladet, 52 mot tidlegare 32. Det betyr fleire seksjonar og artiklar som går i djupna.

- Det er viktig å presentere fagstoff og forsking frå feltet i mykje større grad enn i dag. Dette vil vi gjera gjennom ein eigen seksjon, seier Bråten

Bente Riise, redaktør i Syn og Segn har vore med som konsulent. Det er designfirmaet Millimeterpress ved grafikar Lise Myhre som har utarbeidd ny logo og design.

Bladet Folkemusikk er i dag det einaste landsdekkjande bladet for folkemusikk og folkedans. Bladet er frittståande og arbeider etter Redaktørplakaten. Det er Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen i Noreg som er utgjevar av bladet.

Bladet Folkemusikk blir gjeve ut med økonomisk stønad frå eigaren og frå Norsk kulturråd, gjennom årleg tidsskriftstøtte og nynorskstøtte. I tillegg kjem inntekter av sal av abonnement og annonsar. Eigeninntektene til bladet utgjer ikring 70 % av dei totale inntektene.

Høyr elles intervju med Bråten her: http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/610055

Bladsleppet blir på Riksscenen torsdag 25. februar frå kl. 20.00 i samband med konsert med Bruce Molsky og Annbjørg Lien.
Inngang, bladslepp og konsert: 100 kroner.

Ute nå

Ildsjelen 1 - 2012

Les: Menneskehetens spirituelle historie, Feng Shui – eller hvorfor livet er akkurat som det er, Årshoroskop for 2012, Mennesket - det fabel-aktige multiunivers

Bøygen 4 - 2011

Fiksjonslitteratur som inneholder selvbiografiske elementer er ikke lenger ren fiksjon, men en slags blandingslitteratur – altså er den uren.

Materialisten 3-4/11

Dobbeltnummer om flyktningpolitikk. Les bl.a:.Stor skam (leder), Norsk flyktningpolitikk i globaliseringens tid, Et liv i eksil – om kvinnelige asylsøkere, De papirløse

FORMakademisk Vol 4,
No 2 - 2011

Forskningsbasert designundervisning, tjenestedesign, tegneundervisning, Minicities, Islenderen, Baseskoler og kunstpedagogikk eller handverkstradisjon i kunst- og handverksfaget.

Babylon 2/2011

Les bl.a. disse artiklene: Arabiske kvinners statsborgerskap, En revolusjon i egyptisk familierett? Landsmann, snakk tyrkisk!

Folkemusikk 5/2011

Ny plate fra Turid Spildo, dugnadsarbeidaren, inspiratoren og entusi-asten Martin Myhr heidra, folkemusikk fra Sri Lanka og merksnodige slåttenavn

Arkitektur N nr. 8 2011

Arkitektur N ser tilbake på regjeringsbygningen. Intervju med Kenneth Frampton og Juhani Pallasmaa, to av de mest anerkjente arkitektur-historikere og -teoretikere

Numer 90

Les bl.a.: Hva er tegning? Brobygger mellom kunst og arkitektur:
Ingrid Lønningdals egne kunstneriske produksjon. Reisetegninger gjennom historien, og mye mer

Norsk Tidsskriftforening Epost